St.prp. nr. 28 (2001-2002)

Om fullmakt til å ta opp innanlandske og utanlandske statslån

Til innhaldsliste

6 Kredittavtalar mellom Noregs Bank og sentralbankane i andre land. Beredskapstiltak

Finansdepartementet har sidan 1993 hatt ei tidsuavgrensa fullmakt til å ta opp kortsiktige lån i dei internasjonale marknadene innanfor ei samla ramme på 75 000 mill. kroner. Innanfor denne ramma har ein samtidig hatt fullmakt til å godkjenne at Noregs Bank kunne trekke på eventuelle kredittlinjer med andre sentralbankar og med internasjonale økonomiske organisasjonar og institusjonar. Finansdepartementet har på grunnlag av fullmakta godkjent at Noregs Bank kan ta opp lån under sine avtalar med nordiske sentralbankar og sentralbankar i EU, seinast ved fornyinga frå 1. januar 1999. Som følgje av omlegginga i pengepolitikken, ei omlegging som vart vedtatt i mars 2001, har Noregs Bank ikkje planer om å be om ei fornying av avtalane med Den europeiske sentralbanken og Bank of England når desse forfell ved utgangen av 2001. Avtalane Noregs Bank har gjort med sentralbankane i Sverige, Danmark og Island gjeld inntil vidare.