St.prp. nr. 29 (2002-2003)

Om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

Kap. 1310 Flytransport

Post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter

Flyselskapa har krav på reforhandling dersom det i kontraktsperioden kjem vesentlege og upårekna endringar i dei føresetnadene som ligg til grunn for kontraktane. I samband med fjerning av passasjeravgifta blei flyselskapa frå 1. april 2002 tekne ut av verkeområdet for meirverdiavgiftsloven, dvs. at selskapa ikkje lenger har nullsats. Dette har gitt meirkostnader for flyselskapa som dei krev kompenserte. Mottekne kompensasjonskrav er på om lag 14,5 mill. kr. Dette er noko lågare enn opphavleg rekna med. I tillegg er det einskilde andre mindreforbruk på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 9 mill. kr, frå 411,4 mill. kr til 402,4 mill. kr.

Kap. 1314 Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane

Post 01 Driftsutgifter

Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane skal flytte inn i utvida bygg. Dette vil skje i 2003 i staden for i 2002 som opphavleg planlagt. Utgiftsramma i budsjettet for 2003 er derfor auka med 1,5 mill. kr. Utgiftene for 2002 blir tilsvarande lågare. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 1,5 mill. kr, frå 20,45 mill. kr til 18,95 mill. kr.

Kap. 1315 Etablering av Luftfartsverket som aksjeselskap

Post 90 Eigenkapital

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003) om m.a. omdanning av Luftfartsverket til aksjeselskap frå 1. januar 2003, går det fram at Samferdselsdepartementet legg opp til å opprette eit interimsselskap allereie i 2002 for å førebu omdanninga av Luftfartsverket til aksjeselskap. Interimsselskapet vil m.a. syte for registrering av det nye selskapet i Brønnøysundregistrene og inngå avtalar t.d. med forsikringsselskap og bankar. Departementet foreslår å løyve 100 000 kr i eigenkapital til interimsselskapet, jf. kap. 1315, post 90 Eigenkapital.

Kap. 4312 Oslo Lufthavn AS

Post 90 Avdrag på lån

Oslo Lufthavn AS og staten v/Samferdselsdepartementet underteikna i juni 2000 ein ny avtale om statlege lån til selskapet. I samsvar med avtalen blei første avdrag på lånet betalt i juni 2002. Beløpet er ved ein inkurie førebels ikkje budsjettert, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2002-2003), side 52. Samla avdrag for 2002 er om lag 392 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 392 mill. kr på kap. 4312, post 90 Avdrag på lån.

Departementet gjer merksam på at det i samband med etableringa av Luftfartsverket som aksjeselskap er lagt opp til avdragsfridom i 3 år for låna til Oslo Lufthavn AS, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003).