St.prp. nr. 29 (2002-2003)

Om endring av løyvingar mv. for 2002 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Kap. 1330 Særskilde transporttiltak

Post 71 Tilskot til ekspressbussar

Ved innføringa av ordninga med kompensasjon til bussruter som ikkje har rett til tilskot, dvs. kap. 1330, post 71, blei kompensasjonen fastsett ut frå venta produksjonsomfang. Produksjonen har blitt mindre enn rekna med. For å unngå overkompenasjon har løyvingane for tidlegare år ikkje fullt ut blitt betalte ut, men overførte til året etter. Det er derfor eit mindreforbruk på posten i høve til det som er til disposisjon på posten i 2002. Samferdselsdepartementet foreslår av den grunn å redusere løyvinga med 9 mill. kr, frå 18,2 mill. kr til 9,2 mill. kr. Ein slik reduksjon av løyvinga for 2002 vil ikkje medføre at det i 2002 blir mindre til disposisjon til ordninga enn den opphavlege løyvinga i 2002 på 29 mill. kr.

Senjaferjene

I Budsjett-innst. S. nr. 13 (2001-2002) bad fleirtalet i samferdselskomiteen departementet inngå i ein dialog med ferjeselskapa for å finne løysingar som med statleg hjelp kan sikre vidare drift av Senjaferjene (tre ferjesamband). Saka er også omtalt i St.prp. nr. 1 (2002-2003), side 71.

For å unngå at drifta av ferjene ikkje tek slutt i år ser det ut til at Senjaferjene må bli tilført finansielle midlar i storleiken 3,5 mill. kr i 2002. Samferdselsdepartementet har opplyst til Senjaferjene at det er positiv til å yte 1,75 mill. kr på vilkår av at også fylkeskommunane Nordland og Troms yter til saman 1,75 mill. kr. Departementet legg til grunn at statleg tilskot i 2002 ikkje gir føringar for statleg tilskot i seinare år. I St.prp. nr. 1 (2002-2003) er det opplyst at det er starta eit arbeid for å avklare eventuell vidare statleg tilskot til drifta av Senjaferjene.

Av praktiske årsaker foreslår Samferdselsdepartementet at summen på 1,75 mill. kr blir postert på kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar, post 60 Innbyggjartilskot, og betalt ut via fylkeskommunane Nordland og Troms med 875 000 kr til kvar fylkeskommune, jf. omtale i Kommunal- og regionaldepartementets proposisjon om endringar i statsbudsjettet for 2002.