St.prp. nr. 29 (2003-2004)

Om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

5 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar

Kap. 5618 Innskotskapital i Posten Norge AS

Post 80 Utbyte

For 2003 er det løyvd eit utbyte på 54 mill. kr på kap. 5618, post 80 Utbyte. Det er lagt til grunn at det skal betalast eit utbyte på 30 pst. av overskotet i Posten Norge AS etter skatt året før.

Rekneskapen for Posten Norge AS for 2002 viste eit underskot på 43 mill. kr. I St.prp. nr. 67 (2002-2003), jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003), gjekk Regjeringa av finanspolitiske grunnar likevel inn for å halde fast ved løyvinga på 54 mill. kr. Regjeringa har vurdert saka på nytt og har kome til at det ikkje er grunnlag for å krevje utbyte frå Posten i 2003. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 5618, post 81 Utbyte, med 54 mill. kr, frå 54 mill. kr til kr 0.