St.prp. nr. 29 (2003-2004)

Om endring av løyvingar mv. for 2003 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

6 Andre saker

Omfang og bruk av gebyr til å finansiere lov- og forskriftsarbeid på Samferdselsdepartementets område

I Innst. O. nr. 84 (2002-2003), jf. Ot.prp. nr. 40 (2002-2003), bad samferdselskomiteen «Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse om omfang og bruk av gebyr til å finansiere lov- og forskriftsarbeid på Samferdselsdepartementets område, med særlig vekt på avgrensninger i forhold til hva slags myndighetsarbeid som kan inngå i gebyrene».

Samferdselsdepartementet har ingen gebyrordning for å finansiere sitt lov- og forskriftsarbeid. Innafor veg og jernbane blir det heller ikkje nytta gebyr for å finansiere lov- og forskriftsarbeid.

Post- og teletilsynet er, med eitt unntak (ansvaret for Radiostøykontrollen), sjølvfinansiert. Tilsynet sitt arbeid med lover og forskrifter, under dette lover og forskrifter fastsette av departementet og tekniske forskrifter fastsette av Post- og teletilsynet, inngår i sjølvfinansieringa. Denne aktiviteten reknar ein for å vere ein del av, og grunnlag for, verksemda i Post- og teletilsynet. Dette er i tråd med det som er handsama av Stortinget. Post- og teletilsynet reknar med at det går med 5-10 årsverk til dette arbeidet. Ressursbruken vil kunne variere frå år til år.

Det er lagt opp til at Luftfartstilsynet i prinsippet skal bli sjølvfinansierande, jf. St.meld. nr. 38 (1996-97) Norsk luftfartsplan 1998-2007. I St.prp. nr. 66 (1998-99) Om tilsyn og myndighet i luftfarten og om tilknytningsform for Luftfartsverket, blei det vidare peika på at departementet vil vurdere om også oppgåvene knytte til Luftfartstilsynet som styresmakt kan brukarfinansierast. Etter endringa i luftfartslova, jf. Ot.prp. nr. 40 (2002-2003), har Samferdselsdepartementet dermed fått heimel til å gi forskrifter om at flyselskap eller andre operatørar skal betale gebyr for å finansiere luftfartsstyresmakta sitt arbeid med tryggleik innan luftfarten. Det er i nemnde odelstingsproposisjon vist til at lovendringa opnar for at m.a. regelverksarbeid, under dette utarbeiding av nye forskrifter og implementering av eit relativt sett omfattande internasjonalt regelverk, kan finansierast ved gebyrlegging av marknaden. Det er ikkje nærare avgrensa kva slags arbeid knytte til dei oppgåvene Luftfartstilsynet har som styresmakt som kan inngå i gebyra som skal finansiere arbeidet med tryggleik som tilsynet utfører. I St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Samferdselsdepartementet er det foreslått å løyve 121 mill. kr til driftsutgifter for tilsynet. Dette inkluderer all verksemd i Luftfartstilsynet; inspeksjonar, adgangskontroll, tilsyn med verksemder, analyse, informasjon og regelverksutvikling. For gebyrinntektene er det for 2004 foreslått å løyve 87,6 mill. kr.