St.prp. nr. 3 (1999-200)

Om samtykke til å setje i kraft ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtalar av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskriven i Oslo den 16. september 1999

Til innhaldsliste

2 Generelle merknader

Tilleggsavtalen til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike kom i stand for å løyse ei usemje mellom norske og franske skattestyresmakter om rekkjevidda av artikkel 19. Saka blei teke opp gjennom brevveksling mellom finansministrane i dei to landa og blei også nemnd i samtaler statsminister Bondevik hadde med statsminister Jospin og president Chirac 8. og 9. oktober 1998. Etter ei tid med brevveksling blei dei to landa samde om å endre artikkel 19 og det blei halde eit forhandlingsmøte i Paris i desember 1998. Dette møtet resulterte i eit framlegg som, med nokre mindre endringar, blei parafert i juni 1999. Tilleggsavtalen inneber at artikkel 19 i avtalen blir tilnærma lik artikkel 19 i OECD sin mønsteravtale, men med dei skilnadene som svarar til dei reservasjonane Frankrike hadde då mønsteravtalen blei vedteken. Ein har dessutan teke med ein særregel som gjeld løn utbetalt frå dei franske kultursentra i Noreg.