St.prp. nr. 3 (1999-200)

Om samtykke til å setje i kraft ein tilleggsavtale til skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike av 19. desember 1980 med tilleggsavtalar av 14. november 1984 og 7. april 1995, underskriven i Oslo den 16. september 1999

Til innhaldsliste

3 Merknader til de einskilde artiklane

Artikkel 1 fastset at artikkel 19 i skatteavtalen skal setjast ut or kraft og skiftast ut med ein ny artikkel 19.

Den nye artikkel 19 nr 1 a) svarar materielt sett til tidlegare artikkel 19 nr 1, men inneheld nokre språklege endringar. Ordet «godtgjørelse» er erstatta av «lønn og annen liknende godtgjørelse» i tråd med det nyaste OECD-mønsteret. Denne formuleringa presiserer at utbetalingsstaten sin eksklusive rett til å skattleggje berre gjeld betaling til dei tilsette og ikkje til dei som ytar uavhengige tenester, til dømes handverkarar.

Den nye artikkel 19 nr 1 b) er eit unntak frå artikkel 1 a). Utbetalingsstaten sin rett til å skattleggje gjeld ikkje løn til personar som er statsborgarar av den staten der tenestene blir utførte dersom dei ikkje også er statsborgarar av utbetalingsstaten. Ein har her følgt regelen i OECD-mønsteret om at utbetalingsstaten ikkje skal kunne skattleggje statsborgarar av arbeidsstaten, men teke omsyn til Frankrike sin reservasjon til denne artikkelen. Frankrike har reservert seg retten til å skattleggje personar som er løna av den franske staten og som har dobbelt statsborgarskap.

Den nye artikkel 19 nr 2 er uendra samanlikna med tidlegare artikkel 19 nr 2.

Den nye artikkel 19 nr 3 er uendra samanlikna med tidlegare artikkel 19 nr 3 bortsett frå at «godtgjørelse» er erstatta med «lønn og annen liknende godtgjørelse».

Den nye artikkel 19 nr 4 fastset at løn utbetalt frå dei franske kultursentra, Centres Culturels Français, skal dekkjast av nr 1, men at Frankrike sin rett til å skattleggje gjeld på vilkår av at lønen blir skattlagd i Frankrike. Dei franske kultursentra blir drivne av den franske staten og har som formål å spreia kjennskap til fransk kultur og fransk språk og å fremje kulturutveksling mellom Noreg og Frankrike.

Artikkel 2 inneheld reglar om når avtalen skal tre i kraft og når han sluttar å gjelde.

I samsvar med artikkel 2 nr 1 trer tilleggsavtalen i kraft på den første dagen i den andre månaden som følgjer etter at begge statane har gitt kvarandre melding om at dei nødvendige stega er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Tilleggsavtalen vil få verknad for løn og anna godtgjersle motteken frå og med 1. januar 2000.

For løn utbetalt frå dei franske kultursentra er tidspunktet avtalen skal få verknad skyvd attende, jf artikkel 2 nr 2. Når tilleggsavtalen er trådt i kraft vil den ha verknad for løn utbetalt frå dei franske kultursentra som er motteken frå og med 1. januar 1997.