St.prp. nr. 34 (2004-2005)

Om å avvikle eineretten til Posten Norge AS

Til innhaldsliste

2 Historisk oversikt over eineretten til Posten

1647 - Frå Postvesenet blei oppretta i 1647, var det å formidle brev eit statleg monopol. Eineretten omfatta likevel ikkje lokal postformidling i byane. Etter kvart som postmengda auka, opna dette for private «bypostar» i mange byar.

1888 - Postlova av 1888 utvida eineretten Postvesenet hadde, til å formidle brev (lukka sendingar) i heile landet, det vil seie også lokalt i byane. Nokre av bypostane fekk likevel halde fram. Den siste (Trondhjems Bypost) blei avvikla først i 1913.

1928 - Ny postlov i 1928 utvida eineretten til også å omfatte kort: «Postvesenet har enerett til regelmessig og mot vederlag å motta til utlevering eller befordre innen riket og til å befordre mellom Norge og utlandet; lukkede brev og kort med skriftlige eller med skrift utfylte trykte meddelelser.»

1997 - Eineretten stod uendra heilt fram til 1997. Som følgje av postdirektivet i EU, blei einerettsområdet no avgrensa av ei vektgrense (inntil 350 gram) og ei prisgrense (inntil fem gonger grunntaksten for eit innanriks prioritert brev innanfor første vektklasse/20 gram). Innanfor denne vekt- og prisgrensa omfatta eineretten det å formidle lukka, adressert brevpost innanlands og til/frå Noreg mot vederlag. Avgrensinga til lukka sendingar gjorde at kort igjen kom utanfor eineretten.

1999 - Eineretten blei ytterlegare avgrensa ved at det blei gjort unntak for sendingar med bestemt innhald, det vil seie «formidling av bøker, kataloger, aviser og blad, selv om disse sendes i lukket og adressert form».

2003 - På bakgrunn av endringar i postdirektivet i EU blei eineretten igjen avgrensa frå 1. juli 2003 ved at vekt- og prisgrensa for tillate einerettsområde blei endra. Eineretten omfattar no lukka, adressert brevpost (unnateke bøker, katalogar, aviser og blad) med vekt inntil 100 gram og pris inntil tre gonger grunntaksten for eit innanriks prioritert brev innanfor første vektklasse (20 gram). Eineretten gjeld ikkje lenger formidling frå Noreg til utlandet.

2006 - I samband med lovendringa frå 1. juli 2003 blei det bestemt at eineretten skal trappast ytterlegare ned med verknad frå 1. januar 2006, ved å setje vektgrensa til 50 gram og prisgrensa til to og ein halv gonger grunntaksten for eit innanriks prioritert brev innanfor første vektklasse (20 gram).

2007 - Forslag om full konkurranse i den norske postmarknaden.

2009 - Mogleg full konkurranse i postmarknaden i EU.

Til forsida