St.prp. nr. 34 (2004-2005)

Om å avvikle eineretten til Posten Norge AS

Til innhaldsliste

6 Vidareføring av einingsporto

6.1 Situasjonen i dag

Einingsportoprinsippet blei først lovfesta i Noreg i 1999, men har røter heilt tilbake til da frimerket blei innført på midten av 1800-talet. Kravet om einingsporto i postlova § 5 er avgrensa til å gjelde for sendingar innanfor einerettsområdet, det vil seie brev under 100 gram fram til 31. desember 2005 og brev under 50 gram frå 1. januar 2006.

Bakgrunnen for dei reglane som gjeld i Noreg om geografisk einingsporto, er eit politisk ønske om einsarta prisar for postomdeling til alle delar av landet, uavhengig av om mottakaradressa ligg i eit område med mange eller berre få postmottakarar. Landsdekkjande einingsporto er primært grunngjeven i omsynet til næringsdrivande i mindre bedriftsøkonomisk lønsame område og til den private brukaren av postinfrastrukturen. Målet er at portotakstane i heile landet skal vere rimelege og oversiktlege for vanlege forbrukarar og mindre bedrifter.

Det kan ytast ulike former for rabattar til kundane utan omsyn til om det blir stilt krav om landsdekkjande einingsporto. Kravet hindrar ikkje at for eksempel Posten på forretningsmessig basis kan tilby rabattar og differensierte prisar når dette er nødvendig på grunn av konkurranse. Rabattane må likevel vere landsdekkjande, transparente, og dei må gjevast på ikkje-diskriminerande vilkår.

6.2 Merknader frå høyringsinstansane

Det er brei støtte blant høyringsinstansane om at prinsippet om einingsporto bør førast vidare når eineretten blir avvikla. Både organisasjonar på arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida er opptekne av å ta vare på einingsporto. Dette er med på å sikre at næringsdrivande i område som er mindre bedriftsøkonomisk lønsame, framleis får god tilgang til og kvalitet på posttenestene. Konkurransetilsynet og Posten ønskjer likevel å avskaffe prinsippet om einingsporto når eineretten til Posten blir avvikla.

Konkurransetilsynet meiner at geografisk einingsporto kan hemme konkurransen i sentrale marknader, og at rimelege prisar på posttenester i ulønsame område må sikrast med andre verkemiddel. Konkurransetilsynet meiner at geografisk einingsporto i praksis fører til maksimalprisar i ulønsame marknader og minimumsprisar i lønsame marknader. Einingsporto kan redusere insentivet ein eller fleire aktørar får til å konkurrere i dei marknadene som normalt er eigna for konkurranse. Nye aktørar bør ha fullt høve til å bruke pris som verkemiddel i dei mest lønsame delane av marknaden, og Posten bør ha fullt høve til å svare på konkurransen. Einingsportoen fører til at det ikkje er mogleg for Posten å møte konkurransen med pris.

Posten meiner at kravet om einingsporto kan opne for «fløyteskumming», det vil seie at nye aktørar berre omdeler brev i «billige strok» og overlet til Posten å distribuere post i dyre strok til ein pris som er lågare enn kostnadene. Ettersom kostnadene varierer i ulike strok av landet, kjem eit krav om lik pris i heile landet for enkeltbrev samtidig til å fungere både som ei tilgangsregulering og som eit pristak for massebrev.

Post- og teletilsynet meiner at føresetnaden for å opne for konkurranse i postmarknaden må vere at Posten får høve til å konkurrere på pris, slik at ein ikkje kan føre vidare einingsportoen i den forma han har i dag. Utanfor bedriftsøkonomisk lønsame område er det meir usikkert om brukarane kjem til å nyte godt av priskonkurranse. Post- og teletilsynet er likevel einig i at det er sannsynleg at Posten vil velje å føre vidare eit enkelt og oversiktleg prissystem slik dei har i dag for sendingar utanfor einerettsområdet. For å sikre brukarane mot eventuelle urimelege prisforskjellar i delar av landet, bør ein vurdere krav til einingsporto for visse typar sendingar, pristak eller liknande.

Forbrukarombodet peiker på at vanlege forbrukarar i heile landet må sikrast god kvalitet på posttenester også i framtida. Dette vil slik Forbrukarombodet ser det, seie at forbrukarane blant anna bør sikrast eit system der prisane er einsarta for heile landet.

Finnmark fylkeskommune og Troms fylkeskommune ønskjer å vidareføre systemet for einingsporto slik det er i dag. Fjellregionsamarbeidet (23 kommunar i regionane Valdres, Nord-Gudbrandsdal, Midtre Gauldal/Oppdal/Rennebu og Fjellregionen (Nord-Østerdalen og Rørosområdet)), går ut ifrå at ein ved å konkurranseutsetje kommersielle posttenester (anna enn enkeltsendingar under 100 gram), mest sannsynleg får ulike prisar på bedriftspost avhengig av kvar i landet posten skal sendast. Mange bedrifter i distrikta har allereie betydelege utgifter til porto på massesendingar og tyngre post. Ei endring i ordninga med lik pris over heile landet kjem til å gje bedriftene i distrikta svært ugunstige konkurransetilhøve.

6.3 Vurderinga i Samferdselsdepartementet

Internasjonale erfaringar viser at det er fleire moglege løysingar for å regulere einingsporto. I Noreg er kravet til geografisk einingsporto i postlov og konsesjon blant anna avgrensa ved ei vektgrense. Eit alternativ er å knyte einingsportoen til talet på sendingar, typisk ved at einingsportoen gjeld for enkeltsendingar og ikkje massesendingar. Sverige har ei ordning med einingsporto for enkeltsendingar. Fordelar ved einingsporto for enkeltsendingar er blant anna at tenesta er meir gjennomsiktig og føreseieleg for kundane, det følgjer også lågare administrative kostnader av å handtere geografisk like prisar. Ved krav om einingsporto for enkeltsendingar får den leveringspliktige verksemda fridom til å fastsetje ein særleg stykkpris, og/eller ein kan yte ein rabattert takst til kundane, der rabatten reflekterer blant anna mengd og avstand.

Samferdselsdepartementet ønskjer ikkje at kravet om einingsporto skal utvidast til å gjelde for alle leveringspliktige tenester (brev og pakker opp til 20 kilo). Dette alternativet kjem til å gjere det vanskelegare for den leveringspliktige tilbydaren å tilby tenestene sine i konkurranse med andre operatørar, og det gjer det mogleg for konkurrentane å fokusere på dei attraktive kundane. Det såkalla «fløyteskumming»-problemet blir dermed sett på spissen, der den leveringspliktige tilbydaren ender opp med aktivitetar som gjev underskot. Eit einingsportosystem som rettar seg mot heile området for dei leveringspliktige tenestene, kan vesentleg svekkje det grunnlaget Posten har for å ta hand om dei leveringspliktige tenestene.

Samferdselsdepartementet legg til grunn at einingsportoen bør avgrensast ved ei vektgrense som i dag. Krav om einingsporto vil bli ført vidare for enkeltsendingar (typisk er brev som blir lagde i raude og gule innsamlingspostkasser). I Sverige har Post- og telestyrelsen tilrådd at grensa for «enstaka» sendingar (enkeltsendingar) skal setjast til 500-1000 brev. Dette vil seie at dersom ein kunde leverer inn for eksempel 450 brev, så skal ein sjå på desse sendingane som enkeltsendingar som ein skal bruke einingspris på. Ved avvikling av eineretten vil Samferdselsdepartementet også vurdere å setje ei grense for talet på sendingar som kravet om einingsporto skal gjelde for. Ein må sjå nærare kriterium for omfanget av ordninga i samanheng med korleis ein utformar eit maksimalprissystem (sjå punkt 5.4.3 over).

Samferdselsdepartementet ønskjer at krav om einingsporto, uavhengig av kva for kriterium ein gjev ei slik regulering, blir ført vidare i lovform kombinert med konsesjonskrav. Dette er i samsvar med det svenske regelverket, og dessutan med forslaget frå danske styresmakter. Iallfall dei første åra etter at eineretten er avvikla, blir det i praksis Posten som blir pålagd å tilby einsarta porto over heile landet som ein del av dei landsdekkjande leveringspliktige tenestene som er pålagde selskapet.

Sjølv om Posten blir stilt friare ved prisfastsetjinga, er det med dette ikkje sagt at Posten kjem til å bruke fridommen til å differensiere prisane mellom ulike delar av landet. Eit system med einingsporto er administrativt enkelt og kostnadssparande for Posten. Fordelen med eit system gjer seg særleg gjeldande for vanleg brevpost i låge vektklasser (for eksempel 0-20 gram), der dei underliggjande geografiske forskjellane i kostnadsstrukturar er mindre enn for tyngre vektklasser (for eksempel 250-500 gram). Sjølv for tyngre sendingar, for eksempel Norgespakken, opererer Posten i dag i stor grad med einingsprisar (med unntak for Svalbard). For sendingar som kjem frå utlandet, blir utfordringane med å operere med geografisk ulike prisar ekstra store. Fordelen med eit enkelt system gjer seg vidare enda meir gjeldande overfor vanlege forbrukarar og små bedrifter, som gjerne ønskjer eit lettvint og oversiktleg portosystem.

Til forsida