St.prp. nr. 34 (2004-2005)

Om å avvikle eineretten til Posten Norge AS

Til innhaldsliste

9 Administrative og økonomiske konsekvensar av forslaget

Forslaget om å avvikle eineretten til Posten frå 1. januar 2007 får ikkje vesentlege administrative konsekvensar.

Samferdselsdepartementet og Post- og teletilsynet kjem i ein overgangsfase til å få arbeidskrevjande oppgåver med å utforme eit nytt regelverk som er tilpassa ein konkurranseutvikla marknad. Regelverksarbeidet vil ikkje gjere det nødvendig med auka løyvinger over statsbudsjettet.

Samferdselsdepartementet tek sikte på at regelverket skal vere distrikts- og næringsvenleg, enkelt og føreseieleg, og dessutan at ein skal unngå regulering dersom andre verkemiddel er meir føremålstenlege. Siktemålet er samtidig at dei samla ressurskostnadene til staten ikkje skal auke som følgje av at ein utviklar eit nytt regelverk. Det er likevel sannsynleg at Post- og teletilsynet i ein overgangsfase må avsetje noko auka ressursar til kontroll og tilsyn med postmarknaden og tilvekst av nye aktørar.

Om avvikling av eineretten får budsjettmessige konsekvensar for staten, er usikkert. Det kjem blant anna til å avhenge av korleis lønsemda og marknaden for posttenester utviklar seg. Meirkostnadene ved dei leveringspliktige tenestene som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame, skal dekkjast dels ved eit eventuelt overskot frå einerettsområdet, dels ved statleg kjøp av ulønsame posttenester. Etter den modellen som gjeld for statleg kjøp av ulønsame posttenester, er det Posten som ber risikoen ved eventuelt underskot på einerettsområdet. Forslaget opnar for at ein vurderer å endre modellen for statleg kjøp, eller at ein tilpassar han marknadssituasjonen i framtida. Forslaget legg også opp til at ein skal vurdere alternative finansieringskjelder til statleg kjøp av ulønsame posttenester.

Til forsida