St.prp. nr. 42 (2001-2002)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 123/2001 om innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 98/30/EF om felles regler for det indre marked for naturgass (gassmarknadsdirektivet) i vedlegg IV til EØS-avtala (Energi)

Til innhaldsliste

6 Konsekvensar av direktivet for norsk politikk, lovgjeving og selskapane

Etter at direktivet vart vedteke har spørsmålet om innlemming av det vore drøfta mellom avtalepartane. Som nemnt gjeld direktivet i hovudsak nedstraumssektoren, som for Noreg sin del er marginal. Det finst per i dag inga særskild norsk lovgjeving som regulerer gassmarknaden nedstraums.

Reglane for nedstraumssektoren i direktivet kan gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i den eksisterande lovgjevinga eller ved ei eiga gjennomføringslov med tilhøyrande forskrift. Dette vil m.a. vere reglar om tredjepartstilgang i overførings- og distribusjonssystema, om føring av særskilde rekneskapar for dei relevante delane av nedstraumsverksemda, om ei tvisteløysingsordning og om ei reguleringsordning.

Dei reglane i direktivet som er knytte til oppstraumsrøyrleidningsnett, vil kunne gjennomførast i norsk lovgjeving ved einskilde endringar i petroleumslova av 29. november 1996 nr. 72 og i petroleumsforskrifta av 27. juni 1997. Petroleumslova vil bli tilpassa for å stadfeste retten for naturgassføretak og kvalifiserte kundar til å få tredjepartstilgang til oppstraumsrøyrleidningar. Dei reglane som er knytte til oppstraumsrøyrleidningar elles, vil bli gjennomførde ved nye føresegner i petroleumsforskrifta.

Olje- og energidepartementet vil i denne sesjonen fremje ein Odelstingsproposisjon for Stortinget om dei lovendringane som det er gjort framlegg om.

Gjennomføring av gassmarknadsdirektivet i norsk rett inneber heller ingen vesentlege konsekvensar for eigarane av røyrleidningane eller for skiparane. I dag har rett nok utanforståande tredjemenn ingen rett etter petroleumslova til å kunne få tilgang til dei norske oppstraumsrøyrleidningane. Lova har likevel alltid opna for at utanforståande tredjemenn kan forhandle om tilgang til oppstraumsrøyrleidningane med eigarane av desse. I praksis vert det i stor grad skipa tredjepartsgass i dei store gassrøyrleidningane på den norske kontinentalsokkelen. Tredjepartane (skiparane) er i dag de facto andre gassprodusentar på den norske kontinentalsokkelen, medan gassmarknadsdirektivet òg som nemnt vil innebere at kjøparar av gass skal få rett til tredjepartstilgang. Ein reknar likevel ikkje med at denne skilnaden i praksis vil føre til vesentlege kostnader eller få andre konsekvensar.