St.prp. nr. 43 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar

Til innhaldsliste

2 Nærmare om europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 innfører krav om minstenivå for forsikring til dekking av erstatningsansvaret til luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar. Forordninga får ingen innverknad på reglane om erstatningsansvar.

Ved at forordninga vert innlemma i EØS-avtala skal ho nyttast på alle luftfartsselskap og alle luftfartøyoperatørar som flyg innanfor, inn til, ut av eller over territoriet til ein EU/EØS-stat. Forordninga skal ikkje nyttast på statlege luftfartøy. I artikkel 2 nr. 2 i forordninga er det òg ført opp ein del andre unntak. I artikkel 3 i forordninga er det teke inn relevante definisjonar. Mellom anna er eit «luftfartsselskap» i EU/EØS-området definert som eit lufttransportforetak som har gyldig lisens utferda av ein EU/EØS-stat i samsvar med føresegnene i forordning (EØF) nr. 2407/92 om lisensar til luftfartsselskap. Vidare er «SDR» (Special Drawing Rights) definert som spesiell trekkrett som er fastsett av Det internasjonale valutafondet. Kursen på SDR er i januar 2005 kr 9,56. «Tredjemann» er definert som alle juridiske eller fysiske personar, bortsett frå passasjerar og tenestegjerande medlemmer av fly- og kabinpersonalet.

Luftfartsselskapa og luftfartøyoperatørane som vert omfatta av regelverket, skal ha forsikring i samsvar med forordninga for å dekkje erstatningsansvaret for skade på passasjerar, bagasje og frakt, og dessutan skade på tredjemann. I tillegg til meir vanlege skadetilfelle er det presisert særskilt i artikkel 4 nr. 1 i forordninga at forsikringa òg skal dekkje tilfelle av krigshandlingar, terrorisme, flykapring, sabotasje, ulovleg beslaglegging av luftfartøy og sivil uro. I medhald av artikkel 6 nr. 1 i forordninga skal minstesummen på forsikringa for passasjerar vere på 250 000 SDR (om lag 2,5 millionar NOK) per passasjer.

Forsikringssummen som skal dekkje eventuelt erstatningsansvar for bagasje, skal vere på minst 1 000 SDR (om lag 10 000 NOK) per passasjer, jf. artikkel 6 nr. 2. Vidare skal minstenivået til dekking av erstatningsansvaret for frakt vere på 17 SDR (om lag 170 NOK) per kg, jf. artikkel 6 nr. 3. Føresegnene om minstenivå for forsikring av passasjerar, bagasje og frakt skal ikkje nyttast på flygingar over EU/EØS-området som ikkje inneber landing på eller avgang frå dette territoriet, av luftfartsselskap som ikkje er EU/EØS-luftfartsselskap, og av luftfartøyoperatørar som nyttar luftfartøy som er registrerte utanfor EU/EØS-området (artikkel 6 nr. 4).

Minstesummane for å dekkje eit eventuelt erstatningsansvar for skade på tredjemann er delte inn i 10 kategoriar etter vektklassane til luftfartøyet, og utgjer frå 750 000 SDR (om lag 7,5 millionar NOK) for luftfartøy under 500 kg MTOM (Maximum Take Off Mass) til 700 millionar SDR (om lag 7 milliardar NOK) for luftfartøy over 500 000 kg MTOM.

Med omsyn til erstatningsansvaret for post, gjeld dei forsikringskrava som er fastsette i forordning (EØF) nr. 2407/92 om lisensar til luftfartsselskap, saman med den nasjonale lovgjevinga i kvar einskild stat (artikkel 1 nr. 2).

Luftfartsselskapa, og luftfartøyoperatørane når det krevst, skal prove at dei følgjer dei forsikringskrava som er fastsette i forordninga. Dette skal gjerast ved å leggje frem eit forsikringsprov eller eit anna prov på gyldig forsikring for den rette styresmakta i den medlemsstaten som det kjem ved. «Medlemsstat som det kjem ved» tyder den medlemsstat som har utstedt lisensen til luftfartsselskapet, eller den medlemsstaten der luftfartøyoperatørens luftfartøy er registrert, jf. artikkel 5 i forordninga.

Medlemsstatane skal sikre at luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar følgjer forordninga. Dersom det er naudsynt, kan medlemsstatane krevje ytterlegare prov frå luftfartsselskapet, luftfartøyoperatøren eller den forsikringsgjevaren som det kjem ved, på at dei har forsikring i samsvar med føresegnene i forordninga. Eventuelle sanksjonar som er retta mot aktørane i marknaden for brot på føresegnene i forordninga, skal vere verknadsfulle, stå i høve til brotet og verke avskrekkande (artikkel 8 nr. 4). For luftfartsselskap frå EU/EØS kan dette innebere inndraging av lisensen. For luftfartsselskap som ikkje er EU/EØS-selskap, eller for luftfartøyoperatørar som nyttar luftfartøy som er registrerte utanfor EU/EØS, kan sanksjonane omfatte forbod mot landing på territoriet til ein medlemsstat.

Forsikringsmarknaden svikta for ein viss periode etter terrorhandlingane i USA 11. september 2001. Som følgje av dette er det fastsett i artikkel 5 i forordninga at dersom forsikringsmarknaden som eit unntak sviktar igjen, kan Kommisjonen fastsetje høvelege tiltak i samsvar med artikkel 5 og 7 i rådsavgjerd 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsetjing av nærmare reglar for utøvinga av den gjennomføringsstyresmakta som er tillagd Kommisjonen.