St.prp. nr. 43 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

I avgjerd nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 vedtok i EØS-komiteen at vedlegg XIII i EØS-avtala skal endrast ved at europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar vert innlemma i EØS-avtala.

Gjennomføringa av avgjerda i EØS-komiteen vil krevje lovendring, og for Noregs del vart avgjerda derfor teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 1 i avgjerda til EØS-komiteen slår fast at vedlegg XIII til EØS-avtala skal endrast som følgje av innlemminga av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 ved at eit nytt nr. 66 bokstav l vert sett inn i vedlegget.

Etter artikkel 2 skal teksta til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, vere gyldig.

Av artikkel 3 går det fram at avgjerda til EØS-komiteen tek til å gjelde 30. oktober 2004 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.