St.prp. nr. 43 (2006-2007)

Rammeauke for garantiordninga for byggjelån ­under Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK)

Til innhaldsliste

2 Om garantiordninga for byggjelån

Bakgrunnen for å skipe ei slik ordning var at norske lokal- og regionalbankar har grenser for kor stort engasjement dei kan ha per verft. Garantiordninga for byggjelån under GIEK bidrar til å avlaste risiko slik at bankanes kapasitet til å tilby byggjelån til verfta auker.

Ein føresetnad for at rederia skal kunne kontrahere skip, er at verfta kan finansiere bygginga av skipet. Bankane gir verfta tilbod om byggjelån for å finansiere byggjeprosessen fram til levering, og først då får verfta oppgjer frå rederia. Ordninga inneber at GIEK avlastar bankane på like vilkår med inntil 50 prosent av risikoen i samband med nybygging og ombygging av skip ved norske verft. Ordninga inneber ikkje noko form for statsstønad, og ho skal gå i balanse på lang sikt. Hvis administrasjonskostnadane er på same nivå vil resultatet under ordninga bli det same i GIEK som i dei private bankane.

GIEK skal ha ein akseptabel risikoprofil på porteføljen sin og avgrense tapa. I dag har verfta fulle ordrebøker. Dette fører med seg at verfta har fått garantiar for byggjelån til båtar som skal bli levert nokre år fram i tid. GIEK si risikoeksponering er avgrensa til skip kor bygging allereie er i gong. GIEK foretar ei reell risikovurdering for kvar enkelt garantisak, og må også vurdere risikoen i den totale portefølja og vurdere behovet for auka garantipremiar opp mot denne risikoen.

Skipsverfta er i stor grad avhengige av den internasjonale etterspurnaden etter skip, og er sårbare for internasjonale konjunktursvingingar. I det siste har ordretilgongen auka kraftig. Etterspurnaden etter garantiar for byggjelån heng saman med fleire ordrar for verfta, og at verfta har relativt låg eigenkapital etter fleire vanskelege år. I tillegg har fleire bankar nådd eit tak for den risikoeksponeringa dei kan ha i verftsnæringa.

Ordninga blir først og fremst nytta av lokal- og regionalbankane, sidan dei har størst avgrensingar for kor stort engasjement dei kan ha på kvart verft, og kor eksponert dei kan vere i næringa. Dei større verfta får finansiering frå dei store norske bankane og utanlandske bankar, og har ikkje same behov for garantiar for byggjelån. 16 prosent av skipa som skal bli levert i 2007 eller seinare har nytta ordninga.

Ein auke av ramma vil ha god regional verknad, og vil særleg kunne få mykje å seie for Vestlandet. Ei operativ garantiordning for byggjelån vil vere med på å skape langsiktig verdiskaping og sysselsetjing langs kysten.

Sidan kontraktane som vil bli gjort mogelege gjennom denne ordninga ligg fram i tid, vil ikkje rammeauken føre til auka press i økonomien. Ei auka ramme no sikrar ordremasse for dei kommande åra.

Til forsida