St.prp. nr. 44 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet for folkehelse omfattar i alt åtte delprogram i tillegg til eit eige nettverk for overvaking av smittsame sjukdommar. Seks av desse programma går ut før det tidspunktet ein reknar med at det nye EU-programmet for folkehelse (COM (2000) 285 final) vil ta til å gjelde, truleg frå 1. januar 2003. Noreg er alt med i dette samarbeidet, og difor er det ønskeleg å ta del i lenginga av dei eksisterande seks programma inntil det nye folkehelseprogrammet tek til å gjelde. Den norske deltakinga i desse programma går ut dels 31.12.00 og dels 31.12.01.

Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala (om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane) ved lenging av følgjande handlingsprogram: «Handlingsprogrammet for helsefremjande tiltak, helseopplysning, helseutdanning og helseopplæring» (avgjerd nr. 645/96/EF), «Handlingsprogrammet for kampen mot kreft» (nr. 646/96/EF), «Handlingsprogrammet for forebygging av AIDS og visse andre smittsomme sykdommer» (nr. 647/96/EF), «Handlingsprogrammet for førebygging av narkotikavanebruk» (nr. 102/97/EF), «Handlingsprogrammet for helseovervaking» (nr. 1400/97/EF) og «Handlingsprogrammet for forurensningsbetingete sykdommer» (nr. 1296/1999/EF). Den formelle avgjerda i EU om lenginga av desse handlingsprogramma vil venteleg verte teken i februar 2001.

Norsk deltaking i lenginga av desse programma gjer det naudsynt med løyvingsvedtak og samtykke frå Stortinget til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen. For at Noreg skal kunne ta del i delprogramma så snart som råd, vert det søkt om samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Det er i dette høvet venta at avgjerda i EØS-komiteen vert teken i møtet til komiteen 30. mars 2001, men datoen kan verte endra.

Europaparlaments- og rådsavgjerda og utkastet til avgjerd i EØS-komiteen om lenging av folkehelseprogramma følgjer i uoffisiell norsk omsetjing som trykte vedlegg til denne proposisjonen.