St.prp. nr. 44 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsavgjerd /nr./EF av ... 2001 om lenging og endring av visse fellesskapshandlingsprogram i samband med innsatsen for folkehelsa, som vart vedtekne ved avgjerd nr. 645/96/EF, nr. 646/96/EF, nr. 647/96/EF, nr. 102/97/EF, nr. 1400/97/EF og nr. 1296/1999/EF

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 152,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen 1,

med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet 2,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet,

etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten 3, og

ut frå desse synsmåtane:

  1. Ei rekkje fellesskapshandlingsprogram på området folkehelse går om kort tid ut.

  2. Følgjande program går ut ved utgangen av 2000:

    • fellesskapshandlingsprogrammet for helsefremjande tiltak, helseopplysning, helseutdanning og helseopplæring i samband med innsatsen for folkehelsa, som vart vedteke ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 645/96/EF 4

      ,

    • handlingsplanen for kampen mot kreft, som vart vedteken ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 646/96/EF 5

      ,

    • fellesskapshandlingsprogrammet for førebygging av AIDS og visse andre smittsame sjukdommar, som vart vedteke ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 647/96/EF 6

      ,

    • fellesskapshandlingsprogrammet for førebygging av narkotikavanebruk, som vart vedteke ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 102/97/EF 7

      ,

  3. Følgjande program går ut ved utgangen av 2001:

    • fellesskapshandlingsprogrammet for helseovervaking, som vart vedteke ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1400/97/EF 8

      ,

    • fellesskapshandlingsprogrammet for sjukdommar som er knytte til ureining, som vart vedteke ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1400/97/EF 9

      ,

  4. I resolusjonen sin av 8. juni 1999 om den framtidige fellesskapsinnsatsen for folkehelsa 10

    streka Rådet under at det i lys av at dei eksisterande programma går ut, er naudsynt med kontinuitet i fellesskapsinnsatsen for folkehelsa.

  5. I meldinga si av 15. april 1998 til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet om utviklinga av politikken for folkehelse i Det europeiske fellesskapet gjorde Kommisjonen merksam på at dei eksisterande programma for folkehelse går ut ved utgangen av 2000 eller seinare, og streka under kor viktig det er å hindre at det oppstår eit tomrom i fellesskapspolitikken på dette viktige området. Den etterfølgjande drøftinga av meldinga førte til at fellesskapsorgana vart samde om å utvikle ein ny strategi på helseområdet gjennom eit overordna handlingsprogram for folkehelse.

  6. Medan den nye strategien for og framlegga til ein ny, overordna politikk for folkehelse er under vurdering bør dei igangverande programma på området folkehelse lengjast fram til utgangen av 2002, slik at avbrot i den aktuelle fellesskapsinnsatsen kan unngåast.

  7. Dei programma som går ut 31. desember 2000, bør lengjast med to etterfølgjande tidsrom på eitt år, høvesvis frå 1. januar til 31. desember 2001 og frå 1. januar til 31. desember 2002, og det bør gjerast ei fordeling per år av den finansielle ramma for gjennomføring av dei aktuelle programma.

  8. For å sikre ein smidig og effektiv overgang for fellesskapsinnsatsen frå dei eksisterande programma til det overordna helseprogrammet som skal vedtakast, bør denne avgjerda om lenging sikre at den finansielle støtta vert jamnt fordelt mellom handlingsprogramma ved å spesifisere lenginga av den finansielle ramma for programma.

  9. Denne avgjerda bør opphevast frå den datoen då ei ny avgjerd frå Europaparlamentet og Rådet om vedtaking av eit fellesskapshandlingsprogram om folkehelse tek til å gjelde.

  10. Avtala om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS-avtala) inneheld føresegner om eit utvida samarbeid på området folkehelse mellom på den eine sida Det europeiske fellesskapet og medlemsstatane i EF, og på den andre sida dei statane i Det europeiske frihandelssambandet (EFTA) som tek del i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EFTA/EØS-statane). Programmet bør opnast for deltaking for dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa (ASSAE) i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda, for Kypros på dei same vilkåra som gjeld for EFTA/EØS-statane, på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten, og for Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.

  11. Ved lenginga av programma bør det takast omsyn til meldinga av 15. juni 2000 frå Kommisjonen til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet om strategien til Det europeiske fellesskapet på området folkehelse 11

    , rådsresolusjon av 8. juni 1999 om framtidig fellesskapsinnsats på området folkehelse 12

    , europaparlamentsresolusjon av 10. mars 1999 13

    , fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet av 9. september 1998 14

    og fråsegna frå Regionutvalet av 19. november 1998 15

    . Det bør òg takast omsyn til den førebels rapporten av 14. oktober 1999 frå Kommisjonen til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet om gjennomføring av fellesskapsprogramma for førebygging av kreft, AIDS og visse andre smittsame sjukdommar og for narkotikavanebruk i samband med innsatsen for folkehelsa, og til den førebels rapporten av 22. mars 2000 frå Kommisjonen til Europaparlamentet, Rådet, Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet om gjennomføring av helsefremjande tiltak, helseopplysningar, helseutdanning og helseopplæring.

  12. I denne avgjerda er det for heile det tidsrommet som programma vert lengde med, fastsett ei finansiell ramme som utgjer det primære referansegrunnlaget for budsjettstyresmakta ved den årlege budsjetthandsaminga, slik det er definert i punkt 33 i den tverrinstitusjonelle avtala av 6. mai 1999 mellom Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen om budsjettdisiplin og betre budsjetthandsaming 16

    .

  13. Avgjerd nr. 645/96/EF, nr. 646/96/EF, nr. 102/97/EF, nr. 1400/97/EF og nr. 1296/1999/EF bør endrast slik at det vert teke omsyn til rådsbeslutning 1999/468/EF av 28. juni 1999 om fastsettelse av nærmere regler for utøvelsen av den gjennomføringsmyndighet som er tillagt Kommisjonen 17

    .

  14. Handlingsprogramma bør overvakast og vurderast jamleg av Kommisjonen i samarbeid med medlemsstatane -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I avgjerd nr. 645/96/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I artikkel 1 nr. 1 vert «31. desember 2000» bytt ut med «31. desember 2002».
2.I artikkel 2 nr. 1 vert «i samsvar med artikkel 5» bytt ut med «i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3».
3.Artikkel 3 nr. 1 skal lyde: «1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 35 millionar EUR for tidsrommet 1. januar 1996-31. desember 2000, 7,27 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2001 og 7,27 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2002.»
4.Artikkel 5 skal lyde:
«Artikkel 5
Gjennomføringstiltak
Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda med omsyn til dei spørsmåla som er nemnde nedanfor, skal vedtakast etter den forvaltingsmessige framgangsmåten som er nemnd i artikkel 5a nr. 3:
a.eit årleg arbeidsprogram som viser dei prioriterte tiltaksområda,
b.dei nærmare reglane, kriteria og framgangsmåtane for utveljing og finansiering av prosjekt innanfor ramma av programmet, medrekna prosjekt som omfattar samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med folkehelse, og deltaking for dei statane som er nemnde i artikkel 6 nr. 2,
c.framgangsmåten ved vurdering,
d.dei nærmare reglane for spreiing og formidling av resultat,
e.dei nærmare reglane for samarbeidet med dei institusjonane og organisasjonane som er nemnde i artikkel 2 nr. 2.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda med omsyn til andre spørsmål, skal vedtakast etter den framgangsmåten for rådgjeving som er nemnd i artikkel 5a nr. 2.»
5.Ny artikkel 5a skal lyde:
«Artikkel 5a
Utval
1.Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
2.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
3.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.
4.Utvalet fastset møteføresegnene sine.»
6.I artikkel 6
a.nr. 1 vert «etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5» bytt ut med «etter dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3.»
b.skal nr. 2 lyde:
«2. Dette programmet er ope for deltaking for
a)EFTA/EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,
b)dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,
c)Kypros på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten,
d)Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.»
7.Artikkel 7 skal lyde:
«Artikkel 7
Overvaking og vurdering
1.Ved gjennomføringa av denne avgjerda skal Kommisjonen, i samarbeid med medlemsstatane, gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre overvaking og vurdering av tiltaka i dette programmet, i samsvar med artikkel 1.
2.Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein førebels rapport i juli 1998 og ein sluttrapport når programmet er avslutta. Rapportane skal innehalde resultata av den vurderinga som er nemnd i nr. 1. Rapportane skal òg sendast over til Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.»

Artikkel 2

I avgjerd nr. 646/96/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I artikkel 1 nr. 1 vert «31. desember 2000» bytt ut med «31. desember 2002».
2.I artikkel 2 nr. 1 vert «i samsvar med artikkel 5» bytt ut med «i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3».
3.Artikkel 3 nr. 1 skal lyde:
«1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av planen er 64 millionar EUR for tidsrommet 1. januar 1996-31. desember 2000, 13,3 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2001 og 13,3 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2002.»
4.Artikkel 5 skal lyde:
«Artikkel 5
Gjennomføringstiltak
Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda med omsyn til dei spørsmåla som er nemnde nedanfor, skal vedtakast etter den forvaltingsmessige framgangsmåten som er nemnd i artikkel 5a nr. 3:
a.eit årleg arbeidsprogram som viser dei prioriterte tiltaksområda,
b.ei forenkling og betring av dei forvaltingsmessige framgansmåtane i planen, som vil verte offentleggjorde,
c.dei nærmare reglane, kriteria og framgangsmåtane for utveljing og finansiering av prosjekt innanfor ramma av handlingsplanen, medrekna prosjekt som omfattar samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med folkehelse, og deltaking av dei statane som er nemnde i artikkel 6 nr. 2,
d.framgangsmåten ved vurdering,
e.dei nærmare reglane for spreiing og formidling av resultat,
f.dei nærmare reglane for samarbeidet med dei institusjonane og organisasjonane som er nemnde i artikkel 2 nr. 2.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda med omsyn til andre spørsmål, skal vedtakast etter den framgangsmåten for rådgjeving som er nemnd i artikkel 5a nr. 2».
5Artikkel 5a skal lyde:
«Artikkel 5a
Utval
1.Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
2.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
3.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.
4.Utvalet fastset møteføresegnene sine.»
6.I artikkel 6
a.nr. 1 vert «etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5» bytt ut med «etter dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3.»
b.skal nr. 2 lyde:
«2. Dette programmet er ope for deltaking for
a)EFTA/EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,
b)dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,
c)Kypros på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten,
d)Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.»
7.Artikkel 7 nr. 2 skal lyde:
«2. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein førebels rapport i juli 1998 og ein sluttrapport når planen er avslutta. Rapportane skal leggje særleg vekt på komplementariteten mellom dette tiltaket og dei andre tiltaka som er nemnde i artikkel 4. Kommisjonen skal innarbeide resultata av vurderingane i rapportane. Han skal òg sende rapportane over til Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.»

Artikkel 3

I avgjerd nr. 647/96/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I artikkel 1 nr. 1 vert «31. desember 2000» bytt ut med «31. desember 2002».
2.I artikkel 2 nr. 1 vert «i samsvar med artikkel 5» bytt ut med «i samsvar med framgangsmåtene fastsatt i artikkel 5a nr. 2 og 3».
3.Artikkel 3 nr. 1 skal lyde:
«1. Den finansielle rammen for gjennomføring av programmet skal være 49,6 millioner EUR for tidsrommet 1. januar 1996-31. desember 2000, 10,07 millioner EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2001 og 10,07 millioner EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2002.»
4.Artikkel 5 skal lyde:
«Artikkel 5
Gjennomføringstiltak
De tiltak som er nødvendige for gjennomføringen av denne beslutning med hensyn til spørsmålene omhandlet nedenfor, skal vedtas etter den forvaltningsmessige framgangsmåten omhandlet i artikkel 5a nr. 3:
a.eit årlig arbeidsprogram med angivelse av de prioriterte innsatsområdene,
b.de nærmere regler, kriterier og framgangsmåter for utvelgelse og finansiering av prosjekter innen rammen av programmet, herunder slike som innebærer samarbeid med internasjonale organisasjoner som arbeider med folkehelse, og deltaking av statene nevnt i artikkel 6 nr. 2,
c.framgangsmåten ved evaluering,
d.de nærmere regler for spredning og formidling av resultater,
e.de nærmere regler for samarbeid med institusjonene og organisasjonene nevnt i artikkel 2 nr. 2.
De tiltak som er nødvendige for gjennomføringen av denne beslutning, og som gjelder andre spørsmål, skal vedtas etter framgangsmåten for rådgivning omhandlet i artikkel 5a nr. 2.».
5.Artikkel 5a skal lyde:
«Artikkel 5a
Komité
1.Kommisjonen skal bistås av en komité.
2.Når det vises til dette nummer, får artikkel 3 og 7 i beslutning 1999/468/EF anvendelse, samtidig som det tas hensyn til bestemmelsene i beslutningens artikkel 8.
3.Når det vises til dette nummer, får artikkel 4 og 7 i beslutning 1999/468/EF anvendelse, samtidig som det tas hensyn til bestemmelsene i beslutningens artikkel 8.
Tidsrommet fastsatt i artikkel 4 nr. 3 i beslutning 1999/468/EF skal være to måneder.
4.Komiteen fastsetter sin egen forretningsorden.»
6I artikkel 6
a.nr. 1 vert «etter framgangsmåten fastsatt i artikkel 5» bytt ut med «etter framgangsmåtene fastsatt i artikkel 5a nr. 2 og 3.»
b.skal nr. 2 lyde:
«2. Programmet er åpent for deltaking for
a)EFTA/EØS-statene i samsvar vilkårene fastsatt i EØS-avtalen,
b)de assosierte stater i Sentral- og Øst-Europa (ASSØE) i samsvar med vilkårene fastsatt i de europeiske avtaler, deres tilleggsprotokoller og i de respektive assosieringsråds beslutninger,
c)Kypros på grunnlag av tilleggsbevilgninger etter framgangsmåter som skal avtales med denne stat,
d)Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsbevilgninger i samsvar med traktatens bestemmelser.»
7.Artikkel 7 nr. 2 skal lyde:
2. Kommisjonen skal framlegge for Europaparlamentet og Rådet en foreløpig rapport i juli 1998 og en sluttrapport ved utløpet av programmet. Resultatene av evalueringene skal innarbeides i rapportene. Kommisjonen skal også oversende rapportene til Den økonomiske og sosiale komité og Regionkomiteen.»

Artikkel 4

I avgjerd nr. 102/97/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I artikkel 1 nr. 1 vert «31. desember 2000» bytt ut med «31. desember 2002».
2.I artikkel 2 nr. 1 vert «i samsvar med artikkel 5» bytt ut med «i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3».
3.Artikkel 3 nr. 1 skal lyde:
«1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 27 millionar EUR for tidsrommet 1. januar 1996-31. desember 2000, 5,38 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2001 og 5,38 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2002.»
4.Artikkel 5 skal lyde:
«Artikkel 5
Gjennomføringstiltak
Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda med omsyn til dei spørsmåla som er nemnde nedanfor, skal vedtakast etter den forvaltingsmessige framgangsmåten som er nemnd i artikkel 5a nr. 3:
a.eit årleg arbeidsprogram som viser dei prioriterte tiltaksområda,
b.dei nærmare reglane, kriteria og framgangsmåtane for utveljing og finansiering av prosjekt innanfor ramma av programmet, medrekna prosjekt som omfattar samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med folkehelse, og deltaking av dei statane som er nemnde i artikkel 6 nr. 2,
c.framgangsmåten ved vurdering,
d.dei nærmare reglane for spreiing og formidling av resultat,
e.dei nærmare reglane for samarbeidet med dei institusjonane og organisasjonane som er nemnde i artikkel 2 nr. 2.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda med omsyn til andre spørsmål, skal vedtakast etter den framgangsmåten for rådgjeving som er nemnd i artikkel 5a nr. 2.»
5.Ny artikkel 5a skal lyde:
«Artikkel 5a
Utval
1.Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
2.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
3.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda. Det t idsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.
4.Utvalet fastset møteføresegnene sine.»
6.I artikkel 6
a.nr. 1 vert «etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5» bytt ut med «etter dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3.»
b.skal nr. 2 lyde:
«2. Dette programmet er ope for deltaking for
a)EFTA/EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,
b)dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,
c)Kypros på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten,
d)Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.»
7.Artikkel 7 nr. 2 skal lyde:
«2. Kommisjonen skal leggje fram for Europaparlamentet og Rådet ein førebels rapport i juli 1998 og ein sluttrapport når programmet er avslutta. K ommisjonen skal innarbeide resultata av vurderingane i rapportane. Han skal òg sende rapportane over til Økonomi- og sosialutvalet og Regionutvalet.»

Artikkel 5

I avgjerd nr. 1400/97/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I artikkel 1 nr. 1 vert «31. desember 2001» bytt ut med «31. desember 2002».
2.I artikkel 2 nr. 1 vert «i samsvar med artikkel 5» bytt ut med «i samsvar med dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3».
3.Artikkel 3 nr. 1 skal lyde:
«1. Den finansielle ramma for gjennomføringa av programmet er 13,8 millionar EUR for tidsrommet 1. januar 1997-31. desember 2001 og 4,4 millionar EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2002.»
4.Artikkel 5 skal lyde:
«Artikkel 5
Gjennomføringstiltak
Dei tiltaka som er naudsynte for gjennomføringa av denne avgjerda med omsyn til dei spørsmåla som er nemnde nedanfor, skal vedtakast etter den forvaltingsmessige framgangsmåten som er nemnd i artikkel 5a nr. 3:
a.eit årleg arbeidsprogram som viser dei prioriterte tiltaksområda,
b.dei nærmare reglane, kriteria og framgangsmåtane for utveljing og finansiering av prosjekt innanfor ramma av programmet, medrekna prosjekt som omfattar samarbeid med internasjonale organisasjonar som arbeider med folkehelse, og deltaking av dei statane som er nemnde i artikkel 6 nr. 2,
c.framgangsmåten ved vurdering,
d.føresegnene om oversending og konvertering av data og om andre metodar som gjer det mogleg å jamføre dataa, slik at dei måla som er nemnde i artikkel 1 nr. 2, kan nåast,
e.dei nærmare reglane for spreiing og formidling av resultat,
f.dei nærmare reglane for samarbeidet med dei institusjonane og organisasjonane som er nemnde i artikkel 2 nr. 2,
g.føresegnene om definisjon og utveljing av indikatorar,
h.føresegnene om dei innhaldsspesifikasjonane som er naudsynte for å skipe og drive netta.
Dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne avgjerda med omsyn til andre spørsmål, skal vedtakast etter den framgangsmåten for rådgjeving som er nemnd i artikkel 5a nr. 2.»
5.Ny artikkel 5a skal lyde:
«Artikkel 5a
Utval
1.Kommisjonen skal få hjelp av eit utval.
2.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 3 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
3.Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 4 og 7 i avgjerd 1999/468/EF gjelde, samstundes som det vert teke omsyn til føresegnene i artikkel 8 i den nemnde avgjerda.
Det tidsrommet som er fastsett i artikkel 4 nr. 3 i avgjerd 1999/468/EF, skal vere to månader.
4.Utvalet fastset møteføresegnene sine.»
6.I artikkel 6
a.nr. 1 vert «etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 5» bytt ut med «etter dei framgangsmåtane som er fastsette i artikkel 5a nr. 2 og 3.»
b.skal nr. 2 lyde:
«2. Dette programmet er ope for deltaking for
a)EFTA/EØS-statane i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i EØS-avtala,
b)dei assosierte statane i Sentral- og Aust-Europa i samsvar med dei vilkåra som er fastsette i dei europeiske avtalene, i tilleggsprotokollane deira og i avgjerdene til dei høvesvise assosieringsråda,
c)Kypros på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med dei framgangsmåtane som skal avtalast med denne staten,
d)Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsløyvingar i samsvar med føresegnene i traktaten.»

Artikkel 6

I avgjerd nr. 1296/1999/EF vert det gjort følgjande endringar:

1.I artikkel 1 nr. 1 vert «31. desember 2001» bytt ut med «31. desember 2002».
2.I artikkel 2 nr. 1 vert «i samsvar med artikkel 5» bytt ut med «i samsvar med framgangsmåten fastsatt i artikkel 5a nr. 2».
3.Artikkel 3 nr. 1 skal lyde:
«1. Den finansielle rammen for gjennomføring av programmet skal være 3,9 millioner EUR for tidsrommet 1. januar 1999-31. desember 2001 og 1,3 millioner EUR for tidsrommet 1. januar-31. desember 2002.»
4.Artikkel 5 skal lyde:
«Artikkel 5
Gjennomføringstiltak
De tiltak som er nødvendige for gjennomføringen av denne beslutning med hensyn til spørsmålene omhandlet nedenfor, skal vedtas etter den forvaltningsmessige framgangsmåten omhandlet i artikkel 5a nr. 2:
a.et årlig arbeidsprogram med angivelse av de prioriterte tiltaksområdene,
b.kriterier og framgangsmåter for utvelgelse og finansiering av prosjekter innen rammen av programmet,
c.framgangsmåten for overvåking og løpende vurdering som omhandlet i artikkel 7.»
5.Artikkel 5a skal lyde:
«Artikkel 5a
Komité
1.Kommisjonen skal bistås av en komité.
2.Når det vises til dette nummer, får artikkel 3 og 7 i beslutning 1999/468/EF anvendelse, samtidig som det tas hensyn til bestemmelsene i beslutningens artikkel 8.
3.Komiteen fastsetter sin egen forretningsorden.»
6.I artikkel 6
a.nr. 1 vert «etter framgangsmåten fastsatt i artikkel 5» bytt ut med «etter framgangsmåten fastsatt i artikkel 5a nr. 2.»
b.skal nr. 2 lyde:
«2. Programmet er åpent for deltaking for
a)EFTA/EØS-statene i samsvar vilkårene fastsatt i EØS-avtalen,
b)de assosierte stater i Sentral- og Øst-Europa (ASSØE) i samsvar med vilkårene fastsatt i de europeiske avtaler, deres tilleggsprotokoller og i de respektive assosieringsråds beslutninger,
c)Kypros på grunnlag av tilleggsbevilgninger etter framgangsmåter som skal avtales med denne stat,
d)Malta og Tyrkia på grunnlag av tilleggsbevilgninger i samsvar med traktatens bestemmelser.»

Artikkel 7

Denne avgjerda tek til å gjelde den dagen ho vert kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Ho skal nyttast frå 1. januar 2001.

Utferda i Brussel, ...

For EuropaparlamentetFor Rådet
PresidentFormann

Fotnotar

1.

TEF C ... av ..., s.

2.

TEF C ... av ..., s.

3.

Europaparlamentsfråsegn av 13. desember 2000 (TEF C ...), felles haldning frå Rådet av .... (enno ikkje offentleggjord i TEF) og rådsavgjerd av ...(TEF C...).

4.

TEF L 95 av 16.4 1996, s. 1.

5.

TEF L 95 av 16.4 1996, s. 9.

6.

TEF L 95 av 16.4 1996, s. 16.

7.

TEF L 19 av 22.1 1997, s. 25.

8.

TEF L 193 av 22.7 1997, s. 1.

9.

TEF L 155 av 22.6 1999, s. 7.

10.

TEF C 200 av 15.7 1999, s. 1.

11.

TEF C 390 av 15.12 1998, s. 1.

12.

TEF C 200 av 15.7 1999, s. 1.

13.

TEF C 175 av 21.6 1999, s. 135.

14.

TEF C 407 av 28.12 1998, s. 21

15.

TEF C 51 av 22.2 1999, s. 53.

16.

TEF C 172 av 18.6 1999, s. 1.

17.

TEF L 184 av 17.7 1999, s. 23.