St.prp. nr. 44 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Det har synt seg at utveksling av røynsler med EU og medverknad i EU-finansierte prosjekt under desse programma har tilført norske miljø nyttig informasjon. Særleg når det gjeld sjukdomsovervaking har norske institusjonar fått leiande roller og medverka til utviklinga i europeiske miljø. I vurderingsrapportane sine har EU kunna vise til positive resultat for folkehelsa. Norske miljø har hatt nytte av medverknaden i programma.

Med verknad frå 1. januar 2003 vil EU truleg leggje om og forenkle folkehelseprogramma til eit samlet program. Ei lenging av den noverande programdeltakinga vil førebu ei eventuell norsk deltaking i det framtidige programmet, og leggje grunnlaget for vidare samarbeid med EU på folkehelseområdet. Sosial- og helsedepartementet rår difor til at Noreg tek del i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.