St.prp. nr. 44 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i dei lengde delprogramma innanfor EU-programmet for folkehelse (2001-2002)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. . . ./2001 av . . . 2001 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, justert ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . 1

    .

  2. EFTA-statane i EØS deltek for tida i ei rekkje program på området folkehelse som går ut i 2000 og 2001. Det er uvisst når eit fellesskapsprogram som skal følgje opp desse programma, vil tre i kraft.

  3. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte ei europaparlaments- og rådsavgjerd 2

    om lenging og endring av visse fellesskapshandlingsprogram i samband med innsatsen for folkehelsa, som vart vedtekne ved avgjerd nr. 645/96/EF 3

    , nr. 646/96/EF 4

    , nr. 647/96/EF 5

    , nr. 102/97/EF 6

    , nr. 1400/97/EF 7

    og nr. 1296/1999/EF 8

    .

  4. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå høvesvis 1. januar 2001 og 1. januar 2002 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 16 nr. 1 i avtala vert det gjort følgjande endringar:

I første, andre, tredje, fjerde, femte og åttande strekpunktet vert følgjande lagt til:

«, endra ved:

  • 32001 D . . . : Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. . . ./2001/EF av . . . 2001 (TEF L . . .).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2001.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, . . . 2001.

For EØS-komiteen
Formann
P. Westerlund
Sekretærar for EØS-komiteen
P.K. MannesM. Brinkmann

Fotnotar

1.

TEF L . . .

2.

TEF L . . .

3.

TEF L 95 av 16.4 1996, s. 1.

4.

TEF L 95 av 16.4 1996, s. 9.

5.

TEF L 95 av 16.4 1996, s. 16.

6.

TEF L 19 av 22.1 1997, s. 25.

7.

TEF L 193 av 22.7 1997, s. 1.

8.

TEF L 155 av 22.6 1999, s. 7.