St.prp. nr. 45 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Skipinga av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået) - European Center for Disease Prevention and Control (ECDC) - vart formelt vedteken i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsforordning nr. 851/2004/EF.

Føremålet med det nye senteret er å auke EUs vernebuing i samband med epidemiar og smittsame sjukdommar, anten desse er resultat av smitte som skjer naturleg eller som følge av tilsikta smittespreiing.

Senteret skal yte fagleg hjelp og gje informasjon om aktuelle helsetrugsmål til nasjonale styresmakter, Europakommisjonen og folk i medlemsstatane i tillegg til å medverke til krisehandtering og planarbeid. Formelt vert senteret eit EU-byrå av rådgjevande karakter, utan lovgjevings- eller regelverkskompetanse. Byrået skal vere plassert i Stockholm og vil etter planen vere i drift innan 20. mai 2005.

Ettersom norsk deltaking i verksemda til smittevernbyrået krev budsjettvedtak over fleire år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsforordning nr. 851/2004/EF om smittevernbyrået følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.

Til forsida