St.prp. nr. 45 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Ved avgjerd i EØS-komiteen av 8. februar 2005 vart det vedteke at smittevernsbyrået under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 851/2004/EF skal innlemmast i protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane. Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til og visse protokollar i avtala. Vidare vert det slått fast at avtalepartane skal utvide samarbeidet til å omfatte avgjerda om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar.

Artikkel 1 slår fast at denne avgjerda vert innlemma i protokoll 31 artikkel 16 nr. 4 (a-h) i EØS-avtala.

Både representantar frå EØS-EFTA-statane og frå Europakommisjonen ønskjer brei deltaking frå EØS-EFTA-statane i verksemda til det nye byrået. EØS/EFTA-statane får m.a. delta i senteret sitt styre, med same rettar og plikter som EU sine medlemsstatar, men vil ikkje ha røysterett. Dette omfattar rett til å møte, tale og gjere framlegg i styret og full deltaking i det rådgjevande faglege utvalet. Borgarane i EØS-EFTA-statane vil få høve til å søkje arbeid ved byrået på like vilkår som borgarane i EU-landa. Alle deltakarland vil dessutan få høve til å plassere nasjonale ekspertar ved byrået i avgrensa periodar.

EØS/EFTA-statane vil vidare delta i det rådgjevande organet, med dei same rettane og pliktene som EU sine medlemsstatar.

Finansielt bidrag til senteret frå EØS/EFTA-statane vert basert på den vanlege bidragsnykelen i EØS-avtala.

Artikkel 2 slår fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga i medhald av artikkel 103 nr. 1 i avtala. Ho skal nyttast frå 1. januar 2005.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Til forsida