St.prp. nr. 45 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Til innhaldsliste

5 Vurdering og tilråding

Utbrota av sars og fugleinfluensa har vist kor viktig det er å ha tilstrekkeleg vernebuing mot epidemiar med nye smittestoff. Vidare har ei rekkje hendingar dei siste åra aktualisert kravet til høg grad av vernebuing med omsyn til situasjonar med tilsikta spreiing av smittestoff. Samarbeidet i Europa ved utbrot av nye epidemiar har til no vore ad hoc, og det trengst ei formalisering av samarbeidet for å kunne reagere raskt, føremålstenleg og samordna ved framtidige utbrot. For smittestoff finst det ikkje landegrenser, og for å halde ved lag ein høg grad av vernebuing i Noreg bør norske helsestyresmakter ta del i verksemda til det nye senteret. Deltaking vil òg vere viktig for norsk fagutvikling og forsking.

Helse- og omsorgsdepartementet tilrår at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) - nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Til forsida