St.prp. nr. 46 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga blir det vist til EØS-avtala og spesielt til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerder i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europarlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF blir innlemma i vedlegg XI nr. 5d til EØS-avtala.

Artikkel 2 slår fast at teksta til direktiv 2002/39/EF på islandsk og norsk, som vil bli kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa , skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at denne avgjerda tek til å gjelde 7. desember 2002, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar frå partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa .