St.prp. nr. 46 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Etter lov av 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkjande postsendingar (postlova) § 6 og forskrift av 1. juli 1997 om formidling av landsdekkjande postsendingar (postforskrifta) § 3 har Posten Norge AS (Posten) einerett til jamleg å formidle mot vederlag lukka adressert brevpost med vekt inntil 350 gram og med pris inntil fem gonger grunntaksten for eit innanriks prioritert brev innanfor første vektklasse (20 gram). Eineretten gjeld både for postformidling innanriks og for formidling til og frå utlandet. Eineretten omfattar ikkje formidling av bøker, katalogar, aviser og blad, sjølv om desse vert sende i lukka og adressert form.

Det norske einerettsområdet er like stort som det som er tillate etter direktiv 97/67/EF, bortsett frå at det i Noreg er eit tilleggskrav om at brevpost må vere lukka for å vere omfatta av eineretten. Ved gjennomføringa av direktiv 2002/39/EF må det difor gjerast endringar i føresegnene om eineretten til Posten. Samferdselsdepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til naudsynte lovendringar. Elles blir norsk rett rekna for å vere i samsvar med direktivet.