St.prp. nr. 46 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Ein reduksjon av eineretten vil kunne medverke til at Posten får lågare inntekter. I kva grad dette vil skje, er uvisst, og følgjer m.a. av eventuelle effektivitetsvinstar som høvet til auka konkurranse kan gje, og korleis Posten forsvarar marknadsposisjonen sin mot eventuelle konkurrentar. Røynsler frå land som Sverige, Finland og New Zealand viser at ein reduksjon av eineretten ikkje nødvendigvis samla sett vil medverke til å redusere inntektene til Posten. I desse landa har redusert einerettsområde enno ikkje ført til nokon vesentleg auke i direkte konkurranse på område som før var regulerte. Det er likevel grunn til å tru at ein liberalisert nordisk brevmarknad vil vere meir attraktiv for konkurrentane enn marknaden i dei einskilde nordiske landa. For å møte moglege reduserte inntekter som følgje av ein reduksjon av einerettsområdet — i tillegg til den inntektsreduksjonen som selskapet opplever no som følgje av at kundane i aukande grad nyttar elektroniske kommunikasjonsløysingar — gjennomfører Posten ei monaleg effektivisering av verksemda og ei omfattande satsing på betre service og nye potensielt lønsame tenester. Eventuelle effektar som eit redusert einerettsområde vil ha på resultatet til selskapet, er difor avhengige av i kor stor grad selskapet vil lukkast i satsingane sine.

Meirkostnadene ved den delen av det samfunnspålagde servicenivået (dei leveringspliktige tenestene) som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsam, vert dekte dels ved eit eventuelt overskot frå einerettsområdet, og dels ved statleg kjøp av ulønsame posttenester over statsbudsjettet kap. 1370 post 70. For 2003 er det løyvt 305 millionar kroner over denne budsjettposten. For 2002 og 2003 har det vore lagt til grunn at det ikkje vil liggje føre overskot frå einerettsområdet. Etter gjeldande modell for statleg kjøp av posttenester er det Posten som ber risikoen ved eit eventuelt underskot på einerettsområdet. Det er usikkert om ein reduksjon av eineretten vil verke inn på statleg kjøp. Det vil m.a. vere knytt til korleis lønsemda og marknaden for posttenester utviklar seg.

Det er vanlegvis venta at større konkurranse vil føre til at brukarane får eit betre og meir variert tenestetilbod til ein lågare pris. Samferdselsdepartementet reknar med at det same vil gjere seg gjeldande ved ei gradvis liberalisering av postmarknaden. Ettersom kravet om lik porto over heile landet gjeld tenester som er omfatta av eineretten til Posten, vil ein reduksjon av eineretten innebere at ein mindre del av brevposten vil vere omfatta av dette kravet.

Ein reduksjon av eineretten til Posten vil neppe få nemnande administrative konsekvensar.