St.prp. nr. 52 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 146/2005 av 2. desember 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/54/EF (elektrisitetsdirektiv II), direktiv 2003/55/EF (gassmarkedsdirektiv II), forordning 1228/2003/EF (grensehandel) og kommisjonsavgjerd 2003/796/EF (europeisk gruppe av reguleringsstyresmakter)

Til innhaldsliste

5 Tilhøvet til norsk rett

Føresegnene i elektrisitetsdirektiv II gjer det i liten grad naudsynt å endre rammene for den norske kraftmarknaden. Dei fleste føresegnene er i samsvar med dei endringane som vart gjennomførde gjennom endringar av energilovgjevinga på 1990-tallet og i 2001. Nokre justeringar er likevel naudsynte. Olje- og energidepartementet vil 7. april 2006 leggje fram ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i energilova som følgje av direktivet (Ot.prp. nr. 61 (2005-2006) Om lov om endringer i lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven)).

Føresegnene i gassmarknadsdirektiv II fører berre til mindre tekniske endringar i gjeldande rett. Noregs status som marknad under oppbygging inneber at det kan gjerast unntak frå ei rekkje føresegner i direktivet. Dei viktigaste unntaka vil vere artikkel 18 om tilgang for tredjemann og artikkel 23 nr. 1 om marknadsopning, i tillegg til føresegnene om selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom vertikalt integrerte naturgassføretak. Gassmarknadsdirektiv II medfører ingen endringar med omsyn til oppstraumsgassrøyrleidningar. Olje- og energidepartementet vil 7. april 2006 leggje fram ein eigen odelstingsproposisjon om endringar i lova om felles reglar for den indre marknaden for naturgass som følgje av gassmarknads­direktiv II (Ot.prp. nr. 57 (2005-2006) Om lov om endringar i lov 28. juni 2002 nr. 61 om felles regler for det indre marked for naturgass, i lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet (petroleumsloven) og i somme andre lover).

Regelverket i forordninga er i all hovudsak i samsvar med gjeldande norsk regelverk og praksis på området. Dette gjeld i hovudsak tarifferinga og kraftutvekslinga med utlandet. Vidare utvikling av meir detaljert regelverk innanfor forordninga kan gjere de naudsynt med justeringar og tilpassingar i norsk lovgjeving i framtida.

Til forsida