St.prp. nr. 56 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS- komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF av 15. desember 2004 om en enhetlig fellesskapsramme for å skape klarhet i kvalifikasjoner og kompetanse (Europass)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å utvikle nasjonale Europass-senter, vert det bede om Stortinget sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil då ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle tilhøve i avgjerda i EØS-komiteen. Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt. Ein tek sikte på avgjerd i EØS-komiteen i løpet av våren 2005.