St.prp. nr. 56 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS- komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF av 15. desember 2004 om en enhetlig fellesskapsramme for å skape klarhet i kvalifikasjoner og kompetanse (Europass)

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

EU vil finansiere inntil 50 prosent av kostnadene for utvikling av Europass gjennom direkte løyving til nasjonale Europass-senter. Dette føreset difor ei nasjonal finansiering på minimum 50 prosent.

Kommisjonen har i utkast til retningslinjer for nasjonale Europass-senter av 18. februar 2005 satt av totalt 1,9 millionar euro til dei nasjonale sentra. Den øvre grensa for støtte til Noreg er satt til 60 000 euro, dvs 509 370 NOK med den eurokursen som ligg til grunn for statsbudsjettet i 2005 (8,4895). Dette vil gjelde for etableringsfasen i 2005. I komande år ventar ein utgifter av tilsvarande storleik. Utgiftene for 2005 vert dekte innanfor den eksisterende budsjettramma til Utdannings- og forskingsdepartementet (budsjettkapittel 225 post 72).

Det er naudsynt med ei formell avgjerd i EØS-komiteen før dei nasjonale sentra i EØS-EFTA-statane kan verte innvilga driftsmidlar frå Kommisjonen. Tilskot til nasjonale Europass-senter vil verte utbetalt frå Kommisjonen etter godkjenning av eit arbeidsprogram for dei aktivitetane som sentra er sett til å ta hand om. Utdanningsdirektoratet har frist til 30. april med omsyn til å sende søknad til Kommisjonen med aktivitetsplan og budsjett for drifta av det nasjonale Europass-senteret. På grunnlag av tidlegare røynsler i tilsvarande saker vil Kommisjonen akseptere ein søknad frå Noreg før det formelle avgjerdsgrunnlaget er på plass. Det vil likevel ikkje verte gjort utbetalinger frå Kommisjonen før det er teke ei avgjerd i EØS-komiteen.

Avgjerda inneber ikkje lov- eller forskriftsendring i Noreg. Europass etablerer eit frivillig rammeverk. Bruken av verktøya i Europass er frivillig og vil for den einskilde institusjonen og medborgaren vere basert på nytteverdi.