St.prp. nr. 56 (2004-2005)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS- komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF av 15. desember 2004 om en enhetlig fellesskapsramme for å skape klarhet i kvalifikasjoner og kompetanse (Europass)

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Europass-rammeverket er ein felles europeisk referanse som vil lette godkjenninga og overføringa av kvalifikasjonar innan fag- og yrkesopplæring og allmennutdanning, både på vidaregåande og høgare nivå. Noregs deltaking i Europass er i tråd med norske utdanningspolitiske interesser og vil vere i tråd med norske interesser når det gjeld EUs oppfølging av den europeiske dimensjonen innan utdanning og opplæring. Utdannings- og forskingsdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsvedtak nr. 2241/2004/EF av 15. desember 2004 om en enhetlig fellesskapsramme for å skape klarhet i kvalifikasjoner og kompetanse (Europass). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.