St.prp. nr. 58 (2000-2001)

Om samtykke til ratifikasjon av valfri protokoll av 25. mai 2000 om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs konvensjon av 20. november 1989 om rettane til barnet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ein proposisjon om samtykke til ratifikasjon av ein valfri protokoll om sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, til FNs barnekonvensjon av 20. november 1989. Protokollen blei vedteken 25. mai 2000 av Generalforsamlinga i FN, etter å ha blitt forhandla fram over fleire år i ei arbeidsgruppe som blei skipa i 1994 av FNs menneskerettskommisjon. Ei anna arbeidsgruppe forhandla i det same tidsrommet fram ein valfri protokoll om barn i væpna konflikt. Noreg deltok i begge arbeidsgruppene med representantar frå Utanriksdepartementet. Protokollen blei underteikna av Noreg 13. juni 2000. Per mars 2001 har 72 statar underteikna han, medan to statar har ratifisert han.

Barnekonvensjonen sikrar barn rettar på ei rekkje område, og fastset m.a. prinsippet om at det som er til beste for barnet skal vere det primære omsynet i alle saker som gjeld barn. Med «barn» meiner ein i konvensjonen alle personar under 18 år, med mindre nasjonal lovgjeving set ein lågare myndigrettsalder. I dag er Barnekonvensjonen den menneskerettskonvensjonen som har størst tilslutnad, med 191 partar. Noreg ratifiserte Barnekonvensjonen 8. januar 1991.

Barnekonvensjonen inneheld fleire føresegner som skal verne barn mot å bli utnytta, medrekna artikkel 34 om at statane pliktar å verne barn mot seksuell utnytting. Den valfrie protokollen inneber ei styrking av Barnekonvensjonen, særleg fordi han pålegg statane å gjere ei lang rekkje handlingar som er knytte til sal av barn, barneprostitusjon og barnepornografi, straffbare i lovgjevinga. Protokollen definerer desse handlingane. Behovet for å styrkje det internasjonale samarbeidet, medrekna i form av gjensidig rettsleg hjelp, blir framheva. Statspartane skal rapportere til FNs barnekomité om gjennomføringa av pliktene etter protokollen.