St.prp. nr. 58 (2005-2006)

Om å oppretthalde eineretten til Posten Norge AS (Posten)

Til innhaldsliste

2 Eineretten til Posten – tilhøvet til EU og andre land

Ved endringar i postlova i 2003 blei det fastsett ein tidsplan for ein gradvis reduksjon av einerettsområdet. Lovendringane førte med seg at eineretten frå 1. juli 2003 vart avgrensa til å omfatte lukka adressert brevpost med vekt under 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit prioritert brev i første vektklasse (20 gram). Frå 1. januar 2006 blei eineretten ytterlegare redusert til sendingar med vekt under 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten. Lovendringane følgde av eit nytt EØS-direktiv på postområdet.

Regjeringa Bondevik II fremma hausten 2004 St.prp. nr. 34 (2004-2005) om å avvikle eineretten til Posten endeleg frå 1. januar 2007. Dei fleste høyringsinstansane var positive til forslaget, medrekna Posten. Nokre kommunar og arbeidstakarorganisasjonane var skeptiske til forslaget. Desse meinte mellom anna at forslaget kunne få uheldige konsekvensar for distrikta og for Posten. Forslaget vart vedteke av Stortinget. Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet røysta imot.

Ei full avvikling av eineretten frå 1. januar 2007 i Noreg vil innebere ei forsert liberaliseringstakt i forhold til EU. EU har ikkje fastsett ein dato for når postmarknaden skal vere fullt ut opna for konkurranse. EU-kommisjonen skal etter postdirektivet (direktiv 97/67/EF som endra ved direktiv 2002/39/EF) leggje fram eit forslag innan utgangen av 2006 med sikte på å opne postmarknaden i 2009. Det er usikkert om medlemslanda blir samde om ei ytterlegare liberalisering av postmarknaden, og om når dette i så fall skal skje. Fleire medlemsland er skeptiske til å opne postmarknaden fullt ut for konkurranse.

Noreg arbeider aktivt for å påverke EUs arbeid, slik at det ikkje blir vedteke eit forslag om ytterlegare liberalisering som vil gjere det vanskeleg for Noreg å oppretthalde eit godt og rimeleg posttilbod i heile landet. For Regjeringa vil det vere sentralt at eventuell ytterlegare liberalisering seinare ikkje går på kostnad av krava til dei leveringspliktige tenestene, og at einskapsportoen kan bli vidareført. Det vil òg vere viktig å sikre at postomdeling framleis skal kunne skje seks dagar i veka. Samferdselsdepartementet har i eit skriftleg innspel til Kommisjonen og i møte med EUs formannskap ytra skepsis til ytterlegare liberalisering av postmarknaden frå 2009. Samferdselsdepartementet vil fortsetje med å fremje norske synspunkt overfor EU. Noreg tek òg sikte på å samarbeide med andre land som er skeptiske til ytterlegare liberalisering av postmarknaden.

Dei fleste land har i dag einerett for å sikre eit landsdekkjande tenestetilbod av gode og rimelege posttenester. Det er få EU-land som allereie har liberalisert postmarknaden, eller har planer om å gjere dette. Sverige og Finland liberaliserte postmarknaden tidleg på 1990-talet. Storbritannia liberaliserte postmarknaden frå og med 1. januar 2006. Nederland og Tyskland har planar om å opne postmarknaden fullt ut for konkurranse i 2007 og 2008. Blant landa utanfor EU er det berre New Zealand som har opna postmarknaden fullt ut for konkurranse.