St.prp. nr. 58 (2005-2006)

Om å oppretthalde eineretten til Posten Norge AS (Posten)

Til innhaldsliste

3 Grunngjeving for å oppretthalde eineretten

Målet for postpolitikken er at det skal liggje føre eit tilbod om landsdekkjande posttenester til rimelege prisar og god kvalitet. Erfaringar frå land som har avvikla eineretten tyder ikkje på at ei liberalisering gjer det umogleg å nå denne målsettinga. Liberaliseringa av postmarknaden i Sverige tyder likevel på at det først og fremst er kundar med store postvolum som har tent på konkurranseutsetjinga.

Sverige har krav om utdeling av post 5 dagar i uka mot 6 dagar i Noreg. Trass i at kravet allereie er lavere i Sverige enn i Noreg, ønskjer Posten Sverige å bli friteke frå kravet om utdeling fem dager i veka. Samferdselsdepartementet meiner at det er sannsynleg at konkurransen på den svenske marknaden, og risiko for ytterlegare konkurranse, er ein medverkande årsak til at Posten Sverige ønskjer å bli friteke frå kravet om utdeling av post fem dagar i veka.

Den største konkurrenten til Posten Sverige er selskapet CityMail, som er eigd av Posten Norge. CityMail driv i hovudsak med utdeling av industriell massepost i dei mest folketette områda i Sverige. På bakgrunn av erfaringar frå Sverige, ser Samferdselsdepartementet det ikkje som sannsynleg at avvikling av eineretten vil føre til at konkurrentar til Posten etablerer seg i heile landet. Nye aktørar på den norske marknaden vil truleg først og fremst konsentrere seg om å «skumme fløyten» av dei lønsame delane av marknaden, slik som CityMail har gjort i Sverige. Posten førebur seg òg på ei mogleg avvikling av eineretten i Danmark. Posten har nyleg etablert seg gjennom CityMail på den delen av den danske brevmarknaden som er konkurranseutsett, det vil seie for distribusjon av post over 50 gram. Førebels satsar selskapet på utlevering av industriell post i Københavnsområdet.

Etter postlova gjeld det eit krav om geografisk einskapsporto for sendingar innafor einerettsområdet. Samferdselsdepartementet meiner at eineretten er eit godt verkemiddel for å fremje geografisk prisutjamning. Utjamning er enklare å gjennomføre i ein marknad med einerett, fordi lønsame område elles blir utsett for konkurranse frå nye aktørar utan leveringsplikt og krav til geografisk einskapsporto. Liberalisering vil kunne føre til auka prisforskjellar.

Saman med eventuelle direkte statlege overføringar, bidrar overskotet frå eineretten til å finansiere meirkostnader knytta til bedriftsøkonomisk ulønnsame posttenester. For 2006 har ein lagt til grunn at einerettsoverskotet som er rekna til 310 millioner kroner, er stort nok til å dekkje meirkostnadene. Det er dermed inga løyvingar til kjøp av posttenester over statsbudsjettet i 2006. Dette er ytterlegare eit moment for å halde på eineretten.

Undersøkingar utført av Post- og teletilsynet om tenestekvalitet og tilgjenge til Postens tenester viser ei positiv utvikling. Posten tilfredsstiller stort sett krava i konsesjonen med god margin. Lønsemda i Posten er betre enn nokon gong før. Samferdselsdepartementet ønskjer ikkje å risikere at ei forsert liberalisering skal medføre at denne utviklinga stoppar opp, eller at det skal bli vesentleg dyrare å nå målet om landsdekkjande posttenester til rimelege prisar og god kvalitet.

Samferdselsdepartementet meiner at ei finansiering av ulønsame tenester gjennom einerett og krav til einskapsporto er ei meir solidarisk ordning enn å auke løyvingane over statsbudsjettet. Kryssubsidiering er elles ikkje ei ordning som er unik for postsektoren. Ei liknande ordning gjeld på luftfartsektoren, der underskotet på regionale flyplassar blir dekt av overskot frå nokre av dei største lufthamnene. Underskotet på Avinors regionale flyplassar i 2006 vert fullt ut finansiert ved kryssubsidiering frå nokre av dei største lufthamnene.

Samferdselsdepartementet meiner at ut frå omsynet til like konkurransevilkår bør den norske postmarknaden i alle fall ikkje opnast i forkant av EU. Dette vil i så fall innebere at Posten får konkurranse på sin heimemarknad, utan at selskapet kan konkurrere på heimemarknaden til viktige konkurrentar (innanfor einerettsområdet). I den grad andre tilbydarar etablerer seg på den norske marknaden og tar kundar frå Posten, vil det kunne føre til tapte inntekter og tap for selskapet Posten. Det er grunn til å avvente utviklinga i EU og i dei landa som går føre med å avvikle eineretten, før vi eventuelt vurderer saka på nytt i Noreg.

Sjølv om auka konkurranse kan føre til eit betre posttilbod for enkelte, særleg verksemder med store postvolum, må omsynet til forbrukarar og distrikta vege tyngst i denne saka. Den beste måten å sikre gode posttenester i heile landet, er å halde fast ved ein avgrensa einerett. Dette må i alle fall gjelde fram til EU eventuelt avviklar eineretten.