St.prp. nr. 59 (2000-2001)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid om akutt havureining

Til innhaldsliste

6 Vurdering og tilråding

Noreg er tilslutta avtala mellom Nordsjøstatane om varsling og hjelp ved olje- og kjemikalieureining til sjøs frå 1983 (Bonn-avtala). Noreg er òg med i ei avtale mellom dei nordiske statane om samarbeid når det gjeld kamp mot ureining av havet med olje eller andre skadelege stoff frå 1971, revidert i 1993 (København-avtala). Dei to avtalene dekkjer langt på veg det behovet som Noreg har for regionalt samarbeid og hjelp på dette området i Nordsjøen/Skagerrak. I tillegg har vi ein vernebuingsplan mellom Noreg og Russland når det gjeld oljeureining i Barentshavet frå 1994, revidert i 1998. Deltaking i fellesskapsramma for samarbeid om akutt havureining vil leggje tilhøva betre til rette for at Noreg kan vere med i utviklinga av vernebuinga i eit europeisk perspektiv, og såleis òg nyte godt av nyvinningar på vernebuingsområdet. Fellesskapsramma inneber innbyrdes utveksling av informasjon der føremålet er å auke tryggingstiltaka og redusere responstida ved katastrofar. I tillegg til å gje Noreg ei stemme innanfor denne ordninga, gjev det òg Noreg rettar på lik linje med EU-statane når det gjeld høve til å søkje økonomisk støtte til prosjekt innanfor vernebuing og tryggingstiltak.

På bakgrunn av dette tilrår Miljøverndepartementet at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om å innlemme fellesskapsramma for samarbeid om akutt havureining i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.