St.prp. nr. 6 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2005/60/EF av 26. oktober 2005 om tiltak for å hindre at det finansielle systemet vert nytta til kvitvasking og finansiering av terrorisme

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Dei gjeldande reglane om tiltak mot kvitvasking er gjevne i lov av 20. juni 2003 nr. 41 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar m.v. (kvitvaskingslova) og forskrift av 10. desember 2003 nr. 1487 om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar m.v. (kvitvaskingsforskrifta), som tok til gjelde 1. januar 2004. Desse gjennomfører m.a. det første og andre kvitvaskingsdirektivet til EU, saman med nokre av tilrådingane frå FATF.

Det vil vere naudsynt med visse endringar i gjeldande reglar (lova og forskrifta) for å gjennomføre direktivet. Det vil vere naudsynt å endre krava til kundeidentifikasjonsprosedyrane, skjerpe identifikasjonskrava når det gjeld politisk utsette personar og å skjerpe krava til gransking av kven som er reell eigar. Det vil òg vere naudsynt med endringar i regelverket for å sikre tilsyn med at alle institusjonar og personar som er omfatta av direktivet, stettar krava i direktivet.