St.prp. nr. 60 (2001-2002)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Skole- og studentrabatt på lokal kollektivtransport

I St.prp. nr. 1 (2001-2002) foreslo Stoltenbergregjeringa skole- og studentrabatt på 30 pst. for månadskort og andre periodekort i den lokale kollektivtransporten som fylkeskommunane yter tilskot til, og for NSB BA sine tog. Samstundes blei det lagt til grunn at dei fylkeskommunane som ikkje hadde innført ungdomskort, skulle innføre slike ordningar for aldersgruppa 16-19 år. Begge ordningane skulle gjelde frå 01.08.2002. Det blei foreslått kompensasjon gjennom inntektssystemet til fylkeskommunane med 11 mill. kr for ungdomskort og 16 mill. kr for skole- og studentrabatt.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (2001-2002) foreslo Regjeringa (Bondevik II) ein auke i rabattsatsen for ordninga med skole- og studentrabatt. Kompensasjon til fylkeskommunane for 2002 blei i den samanhengen tilrådd auka med 10 mill. kr, til 26 mill. kr. Til NSB BA blei det gjort framlegg om 5 mill. kr ut over det som allereie skulle finansierast ved takstauke.

Pga. uvisse i utrekningane har ECON Senter for økonomisk analyse gjort ei utgreiing for departementet (rapport 26/02). Rapporten til ECON baserer seg på rutebilstatistikk frå fylkeskommunane, studenttal frå Statistisk sentralbyrå og nasjonale tal for reisevanar til studentar frå Transportøkonomisk institutt. Det er vidare lagt til grunn føresetnader om bruk av billettypar og priselastisitet for studentar. Rapporten summerer kostnadene for fylkeskommunane i samband med skole- og studentrabatten til 36 mill. kr i 2002 - ved ein rabattsats på 40 pst. for perioden august til desember. ECON-rapporten legg til grunn at den nye moderasjonen vil gi inntekter gjennom nyskapt trafikk. Det er likevel ikkje rekna med kostnader i samband med ny trafikk. Departementet finn ikkje å kunne sjå bort ifrå auka kostnader ved nye reiser- trass i at tala er usikre. Departementet legg til grunn at ein skal rekne med at auka inntekter vil bli motsvara av tilsvarande auka kostnader ved nye reiser.

ECON peiker på at relativt mange vaksne, ikkje-studerande vil kunne bli freista til å løyse studiekort og dermed oppnå studentrabatt. I visse tilfelle kan innsparing allereie på første månadskort finansiere semesteravgifta. For å avgrense ordninga peiker ECON på at det t.d. kan setjast ei øvre aldersgrense på 30 år. Regjeringa er spesielt oppteken av å gjere kollektivtrafikken attraktiv for ungdom, skoleelevar og studentar. Dei nye rabattane vil skape gode reisevanar og leggje grunnlag for framtidig vekst i kollektivtrafikken. Samferdselsdepartementet har sett ei aldersgrense ved 30 år. Dette vil redusere uheldige verknader av ordninga og samstundes gi innsparing i forhold til reknestykka frå ECON.

Reknestykka frå ECON gir ei relativ stor omfordeling mellom fylkeskommunane samanlikna med fordelinga som ligg til grunn for løyvinga på 26 mill. kr til fylkeskommunane i vedteke budsjett 2002. Fordelinga i vedteke budsjett tek utgangspunkt i studenttal i den enkelte fylkeskommune. Endring i fordelinga har samanheng med at ECON i tillegg har lagt vekt på variasjonar i vaksne sin kollektivbruk og ulik fordeling i billettbruk mellom fylka.

Departementet finn å ville leggje fordelinga til ECON til grunn. Departementet finn det likevel ikkje rimeleg å trekkje dei fylkeskommunane som ville fått krav om tilbakebetalingar. Totalt sett er det dermed eit løyvingsbehov på 43 mill. kr til fylkeskommunane i tilknyting til ordninga med skole- og studentrabatt på 40 pst. frå 01.08.2002. Det er 17 mill. kr meir enn vedteke budsjett. For NSB BA er det lagt til grunn eit auka løyvingsbehov på 4 mill. kr i 2002 ved innføring av ein rabattsats på 40 pst. frå 01.08.2002.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1351, post 70 med 4 mill. kr, og ein auke i rammetilskotet til fylkeskommunane på 17 mill. kr. Når det gjeld forslag til vedtak, viser departementet til Finansdepartementets proposisjon i samband med revidert nasjonalbudsjettet 2002.