St.prp. nr. 60 (2001-2002)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag til vedtak om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

I

Stortinget samtykkjer i at:

  1. Bompengeselskapet får rett til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av Listerpakka. Vilkåra framgår av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  3. E39 Lyngdal-Flekkefjord blir gjennomført som eit prøveprosjekt for OPS-ordninga.