St.prp. nr. 60 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2004 av 26. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av Erasmus Mundus-programmet (2004-2008)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om Erasmus Mundus-programmet

Erasmus Mundus-programmet har som overordna mål å betre kvaliteten innanfor høgare utdanning i Europa og fremje tverrkulturell forståing gjennom samarbeid med tredjestatar, dvs. statar utanfor EØS-området. Programmet skal medverke til å auke utviklinga av menneskelege ressursar og fremje dialogen mellom nasjonar og kulturar. Det skal òg styrkje internasjonale kontaktar innanfor høgare utdanning ved å leggje til rette for at kvalifiserte studentar og fagleg personale frå heile verda kan vere engasjerte i høgare utdanning i EØS-området, og gjere høgare utdanning i Europa meir synleg og attraktiv. Programmet skal utvikle eit strukturert samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i EØS-området og i resten av verda. Erasmus Mundus-programmet krev at institusjonar for høgare utdanning i Europa tilbyr felles mastergradsprogram, Erasmus Mundus mastergradsprogram, med eit eige stipendprogram og stipendordningar for studentar og fagleg personale frå tredjestatar. Programmet er ikkje basert på avtalar mellom EU og tredjestatar.

Stipendprogrammet og stipendordninga omfattar studentar og fagleg personale frå tredjestatar som er knytte til Erasmus Mundus-mastergradsprogram ved institusjonar for høgare utdanning i Europa. Desse mastergradsstudia krev eit integrert studieprogram ved minst to institusjonar for høgare utdanning i to ulike europeiske statar. Institusjonsnettverket som tilbyr mastergradsprogramma, eit såkalla konsortium, må omfatte minst tre institusjonar for høgare utdanning frå tre ulike statar. To av institusjonane må vere lokaliserte i to ulike EU-statar eller kandidatstatar. Institusjonar for høgare utdanning i EU-statar, kandidatstatar og EFTA/EØS-statar har i utgangspunktet rett til å tilby Erasmus Mundus mastergradsprogram.

Eit Erasmus Mundus mastergradsprogram vil normalt omfatte mellom 60-120 studiepoeng. Gjennomsnittleg studieperiode vil vere 1-2 år. Lengda på studieperioden ved kvar av dei institusjonane som tek del, er ikkje fastsett på førehand. Ho vert regulert av dei institusjonane som tek del, etter kva som vert kravd av institusjonane for å kunne utferde ein mastergrad. Det er ein føresetnad at uteksaminerte studentar skal tildelast anten ein felles grad, ein dobbel grad eller ein fleirdobbel grad. Minst 30 % av studiepoenga i Erasmus Mundus- mastergraden skal opparbeidast ved ein av institusjonane i nettverket. 50 % av studiepoenga skal opparbeidast ved ein institusjon for høgare utdanning i Fellesskapet.

Ein reknar med at rundt 100 Erasmus Mundus mastergradsprogram vil vere utvikla innan 2008, med mellom 20 og 30 tredjestatsstudentar på kvart program i tillegg til studentar frå EØS-området. For å sikre geografisk spreiing av studentar og gjestelærarar frå tredjestatar er det avgrensa kor mange studentar som kan kome frå den same staten og den same institusjonen. Mastergradsprogramma skal medverke aktivt til auka utdanningssamarbeid mellom institusjonar for høgare utdanning i tredjestatar og EØS-området, og det er spesielt lagt til rette for dette i programmet. Eit regelverk for søknader om å etablere mastergradsprogram og for stipendordningane vil verte utarbeidd av EU i samarbeid med eit eige Erasmus Mundus-utval der alle statar som tek del, vil vere representerte.

Erasmus Mundus-programmet kan òg støtte utfyllande verksemd som vil medverke til auka utdanningssamarbeid mellom EØS-området og tredjestatar, som til dømes utvikling av ordningar og system for ymsesidig godkjenning av kvalifikasjonar med tredjestatar. Dette vil kunne gjere kandidatar frå institusjonar for høgare utdanning i Europa attraktive på arbeidsmarknaden i heile verda og generelt auke interessa for høgare utdanning i Europa.