St.prp. nr. 61 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om innlemming av direktiv om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester i EØS-avtala

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 vart europaparlaments- og rådsdirektiv 98/84/EF av 20. november 1998 om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester (heretter kalla direktivet om koda tenester) innlemma i EØS-avtala. Direktivet vil verte teke inn i vedlegg X (om audiovisuelle tenester) og vedlegg XI (om telekommunikasjonstenester) i avtala. Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Koda tenester slik det er definert i direktivet, er tenester som det må betalast for før dei kan takast imot i forståeleg form. Dette kan t.d. vere betalingsfjernsyn som Discovery og Canal+, videogram på førespurnad, og dessutan einskilde multimedietenester med rørlege bilete.

Direktivet om koda tenester er ei nyregulering, og skal ikkje kome i staden for andre direktiv som høyrer inn under EØS-avtala. Direktivet er ei oppfølging av grønboka «Det rettslege vernet av krypterte tenester i den indre marknaden». Resultata av høyringa om grønboka stadfesta at det er naudsynt med eit fellesskapsrettsleg verkemiddel som sikrar rettsleg vern av alle tenester der vederlaget for dei er avhengig av tilgangskontroll.

Direktivet og avgjerda i EØS-komiteen følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.