St.prp. nr. 61 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om innlemming av direktiv om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester i EØS-avtala

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Føremålet med direktivet er å sikre vederlagsinteressene for leverandørar av koda tenester, avgrensa til kringkastingstenester og tenester som vert teleformidla elektronisk på oppmoding frå den einskilde tenestemottakaren, og som normalt vert ytte mot vederlag (heretter kalla informasjonssamfunnstenester). For dette føremålet set direktivet opp eit forbod mot kommersiell verksemd i samband med innretningar som gjev tilgang til koda tenester utan at rettshavaren har gjeve samtykke til det.

Direktivet vernar vederlagsinteressene, og det ligg innebygd eit krav om autorisasjon (lisensiering) frå leverandørane av dei tenestene som er omfatta av direktivet. Den som vil ha tilgang til koda tenester på lovleg vis, må såleis verte autoriserte av tenesteleverandørane. Ved hjelp av såkalla piratutstyr og piratprogramvare vil det likevel kunne vere mogleg å omgå autorisasjonen til tenesteleverandørane, og på denne måten utnytte tenestene utan at det vert betalt vederlag til rettshavarane. Etter direktivet er difor ein del handlingar som er knytte til denne typen utstyr osv., ulovlege dersom dei har eit kommersielt føremål (sjå omtala av artikkel 4 i direktivet med omsyn til kva handlingar det gjeld). Det ligg på den einskilde medlemsstaten å avgjere om det i tillegg skal setjast opp eit forbod mot privat innehaving og bruk av ulovleg utstyr, jf. synsmåte 23 i fortala.

Direktivet krev at medlemsstatane skal ha ei intern lovgjeving som gjev leverandørane av dei koda tenestene tilgang til høvelege rettsmiddel. Føremålet med ei slik intern lovgjeving skal vere å stanse og avverje ulovleg spreiing m.v. av piratutstyr og piratprogramvare. Til dette høyrer at det òg skal vere mogleg å krevje mellombels rådgjerder, gå til skadebotsøksmål og eventuelt krevje at det ulovlege utstyret vert fjerna frå yrkesmessig omsetnad. Direktivet krev ikkje at lovbrota skal gjerast straffbare.

Eit av hovudføremåla med reguleringa i direktivet er å skape ei tettare samanslutning mellom dei europeiske medlemsstatane, og å fremje økonomisk og sosial utvikling. Vidare uttrykkjer direktivet at tilgang til kringkastingstenester og informasjonssamfunnstenester over landegrensene medverkar til at ein grunnleggjande rett som ytringsfridommen kan verte nytta fullt ut, samstundes som måla i traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet kan verkeleggjerast.