St.prp. nr. 61 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om innlemming av direktiv om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester i EØS-avtala

Til innhaldsliste

5 Tilhøvet til norsk rett

Vern av kringkastingstenester etter direktivet har i fleire år vore regulert av norsk rett. Det finst likevel nokre informasjonssamfunnstenester, som t.d. videogram og fonogram på førespurnad, som ikkje er tilstrekkeleg regulerte i norsk rett. Det er såleis naudsynt å endre norsk rett for at han skal verte i samsvar med krava i direktivet. Samstundes med denne proposisjonen vil Justisdepartementet fremje ein odelstingsproposisjon med framlegg om å endre § 262 i straffelova, slik at alle såkalla informasjonssamfunnstenester vil få eit rettsleg vern.