St.prp. nr. 61 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om innlemming av direktiv om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester i EØS-avtala

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar

Direktivet vil ikkje føre til større økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Det er ikkje sett på som naudsynt med særskilt opplæring av påtalemakt og politi. Tiltak for kamp mot kriminalitet i samband med dei koda tenestene mot vederlag som direktivet omfattar, vil difor truleg kunne utførast innanfor dei noverande rammene. Framlegget vil heller ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar i form av auka kostnader, fleire tilsette m.v. for private.