St.prp. nr. 61 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 17/2001 av 28. februar 2001 om innlemming av direktiv om rettsleg vern av tilgangskontrollerte og tilgangskontrollerande tenester i EØS-avtala

Til innhaldsliste

7 Konklusjon og tilråding

Føremålet med EØS-avtala er å sikre eit einskapleg økonomisk samarbeidsområde grunnlagt på felles reglar og like konkurransevilkår. Direktivet går inn som ein del av dei felles reglane og konkurransevilkåra i EU. Slik Justisdepartementet vurderer det vil innlemminga av direktivet medverke til å hindre omsetnad av piratutstyr, og dermed òg bruken av slikt utstyr. På sikt vil dette kunne gje forbrukarane rimelegare tilgang til fleire koda tenester. Justisdepartementet finn difor at direktivet tener dei norske interessene på ein tilfredsstillande måte, og rår på dette grunnlaget til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme direktivet i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.