St.prp. nr. 62 (2003-2004)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

4 Programkategori 21.50 Jernbaneformål

4.1 Etablering av ein skule for lokomotivførararutdanning og anna jernbanefagleg utdanning

NSB har fram til no hatt ansvaret for utdanning og opplæring av lokomotivførarar. Når jernbanedrifta - både person- og godstransport - blir konkurranseutsett, finn ikkje departementet det tenleg at NSB som operatør framleis skal vere ansvarleg for utdanninga av lokomotivførarar. Det er derfor iverksett arbeid med å opprette ein utdanningsinstitusjon som er uavhengig av dei enkelte togoperatørane. Samferdselsdepartementet legg opp til at ei ny utdanning skal skje i regi av Jernbaneverket, og blir etablert og starta opp frå 1. januar 2005. Utdanninga skal følgje lov om fagskoleutdanning. Det blir lagt opp til at skulen også skal omfatte anna jernbanefagleg utdanning, m.a. blir utdanning av trafikkstyrarar som ein offentleg fagskule utgreidd. På den måten kan jernbanefagleg utdanning samlast på ein stad og i ein organisasjon. Jernbaneverket legg opp til at lokomotivførarutdanninga kan marknadsførast ovafor interesserte studentar i løpet av sommaren 2004, slik at prosessen med inntak av studentar kan starte hausten 2004.

Spørsmålet om lokalisering og organisering og kven som i framtida skal stå som ansvarleg eigar, må i stor grad vurderast ut frå at potensielle brukarar har tillit til og kjenner seg knytte til skulen. Skulen kan anten ha ei organisatorisk tilknyting til Jernbaneverket, vere ein frittståande institusjon eller bli integrert med ein eller fleire eksisterande skular. Vurderingar om lokalisering er gjort ut frå kriterie knytte til driftskostnader, etableringskostnader og etableringstid. Ut frå ei samla vurdering er det lagt opp til at skulen blir lokalisert til Drammen; avhengig av tilgjengelege lokale og prisen på dei, alternativt blir Oslo vurdert. Organisering og eigarforhold blir drøfta med trafikkoperatørane, som ønskjer å delta i den faglege og administrative styringa av skulen.

I dag reknar NSB med at det koster ca. 1 mill. kr å lære opp ein lokomotivførar. Her er det inkludert lønskostnader og konserninterne utgifter, som ikkje vil inngå i ei fagskuleutdanning. Det er rekna med at effekten av ei samlokalisering med opplæring for andre jernbanefag vil vere positiv.

Tala for driftsutgifter er førebelse og derfor noko usikre, m.a. er det ønskjeleg å leige lokale og leige, eventuelt kjøpe, simulator frå NSB. Jernbaneverket reknar førebels med at kostnadene med etablering av skulen vil bli om lag 9,3 mill. kr i 2004. Dette vil m.a. dekkje investeringar i materiell, utarbeiding av planar og tilsetting av kompetent personale.

Samferdselsdepartementet legg opp til at nødvendige etableringskostnader i 2004 blir dekte opp innafor ramma av vedtekne løyvingar på kap. 1350. Det er behov for vidare utgreiing av korleis lokomotivførarutdanninga skal organiserast og finansierast, t.d. kor mykje av kostnadene som skal finansierast med skulepengar. Departementet vil kome tilbake til saka i samband med 2005-budsjettet.

4.2 Konkurranseutsetjing av produksjonsverksemda i Jernbaneverket

Samferdselsdepartementet viser til Stortingets handsaming av St.prp. nr. 29/Innst. S. nr. 90 (2003-2004). Etter Stortingets handsaming av saka oppretta Samferdselsdepartementet BaneService AS med ein eigenkapital på 100 000 kr for å førebu omdanning av Jernbaneverkets forretningseining BaneService til aksjeselskap. Samferdselsdepartementet valde 5 representantar for eigaren og 3 representantar for dei tilsette til styret i BaneService AS. Styret har frå årsskiftet arbeidd med å utgreie det kommersielle og økonomiske grunnlaget for omdanning av Jernbaneverkets forretningseining BaneService til aksjeselskap. Dette arbeidet har m.a. omfatta marknadsmessige føresetnader, forretnings- og strategiplan, økonomiske analyser av verksemda m.m. Samstundes har Jernbaneverket utgreidd kva for delar av den resterande produksjonsverksemda som bør utsetjast for konkurranse.

Stortinget bad i Innst. S. nr. 90 (2003-2004) Regjeringa å arbeide for at større delar av Jernbaneverkets produksjonsverksemd, herunder oppgåver i BanePartner (no Jernbaneverket Utredning) og BaneProduksjon (no Jernbaneverket Drift), blir omdanna til aksjeselskap og utsett for konkurranse.

Med utgangspunkt i Stortinget sine merknader og det omfattande arbeidet som er gjort av Jernbaneverket og styret i BaneService AS, ønskjer Samferdselsdepartementet å konkurranseutsetje produksjonsverksemd i Jernbaneverket stegvis. Samferdselsdepartementet arbeider no med ein samla gjennomgang av korleis alle delar av produksjonsverksemda i Jernbaneverket bør organiserast og med ein tidsplan for stegvis konkurranseutsetjing av produksjonsverksemda. Dette krev ein omfattande analyse av den framtidige leverandørmarknaden til Jernbaneverket, marknadsmessige føresetnader for alle delar av produksjonen til Jernbaneverket, utarbeiding av forretnings- og strategiplanar, gjennomføring av organisatoriske og økonomiske analysar av verksemda og vurdering av konsekvensar for tryggleiken. I tillegg må det vurderast organisatoriske tiltak i Jernbaneverket for å tilpasse innkjøpskompetansen i etaten og utvikle styringssystem til å kjøpe og følgje opp vedlikehaldstenester. Samferdselsdepartementet vil på denne bakgrunn ikkje gjere verksemda om til aksjeselskap no, men kome attende til saka i samband med statsbudsjettet for 2005.