St.prp. nr. 62 (2003-2004)

Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

2.1 Endelege løyvingar i samband med etableringa av Avinor AS

Avinor AS blei etablert 1. januar 2003, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2/Budsjett-innst. S. nr. 6 og nr. 13 Tillegg nr. 1 (2002-2003). Ved behandlinga i Stortinget fekk Kongen fullmakt til å avvike løyvingane og fastsetje endelege beløp i samband med overføring av eigedelar, arbeidskapital og eigenkapital i selskapet. I kgl. res. 20. juni 2003 blei endelege beløp fastsette, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2003-2004).

Samferdselsdepartementet har på ny vurdert føresetnadene for dei endelege beløpa. Ved fastsetjing av kapital til Avinor var det lagt opp til at Avinor i 2003 skulle betale Luftfartsverkets mellomvære med staten per 31. desember 2002. Mellomværet per 31. desember 2002 var på 581,1 mill. kr, og 470,6 mill. kr blei innbetalt i oktober 2003. Det var lagt opp til at resten av mellomværet på 110,5 mill. kr skulle reknast mot ein reduksjon i arbeidskapitalen. Ein har kome til at dette opplegget ikkje kan følgjast. På denne bakgrunn må Avinor i 2004 betale mellomværet på 110,5 mill. kr til statskassa. I tillegg kjem renter med om lag 2,5 mill. kr. Regjeringa har derfor i kgl. res. av 16. april 2004 redusert eigenkapitalen i selskapet ved inntektsføring av om lag 113,1 mill. kr på kap. 4315 Avslutting av forvaltningsverksemda Luftfartsverket, post 96 Nedsetjing av eigenkapital. Eigenkapitalen i Avinor AS blir dermed redusert frå 7 391 476 000 kr til 7 278 409 000 kr i kapitalrekneskapen.