St.prp. nr. 63 (1999-2000)

Om samanslåing av vaksenopplæringsinstitusjonane Norsk fjernundervisning, Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Samanslåinga av dei tre institusjonane vil ikkje føre til budsjettmessige endringar i budsjettet for i år. Økonomien for seinare år vil vere ein del av dei årlege budsjettframlegga. Ein tar sikte på at den nye institusjonen skal få ein infrastruktur som gjer at han enkelt kan ivareta dei oppgåvene som institusjonen skal ha ansvar for. Departementet føreset at alle som er tilsette i dei tre institusjonane, skal overførast til den nye institusjonen.

Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt er lokalisert i Trondheim medan dei to øvrige institusjonane er lokaliserte i Oslo. Når det gjeld plasseringa av den nye institusjonen, vil ein ikkje sikte på å endre lokalisering av NVI frå Trondheim, men snarast råd søkje å samlokalisere den delen av verksemda som ligg i Oslo.

Kap. 256 og kap. 3256 i statsbudsjettet omhandlar i dag løyving til alle dei tre institusjonane. For inneverande år har institusjonane ei samla løyving på 64,792 mill. kroner på utgiftssida (kap. 256) og 19,744 mill. kroner på inntektssida (kap. 3256). Departementet tar sikte på at ein skal nytte dei same budsjettkapitla for utgifter og inntekter til den nye vaksenopplæringsinstitusjonen.