St.prp. nr. 7 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Etter direktivet kan det verte reist sak mot ein næringsdrivande i heimstaten sin for brot som har verknad i ein annan medlemsstat, og som gjeld brot på kollektive forbrukarinteresser slik desse kjem fram i nærmare angitte direktiv. Dei aktuelle direktiva er oppførde i vedlegget til direktiv 98/27/EF. Direktivet omfattar kollektive forbrukarinteresser slik desse er tekne inn i den nasjonale lovgjevinga til den einskilde staten på grunnlag av følgjande direktiv:

Rådsdirektiv 84/450/EF om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om villedende reklame, rådsdirektiv 85/577/EF om forbrukervern ved avtaler som inngås et annet sted enn på den næringsdrivendes faste forretningssted, rådsdirektiv 87/102/EF om tilnærming av medlemsstatenes lover og forskrifter om forbrukerkreditt, rådsdirektiv 89/552/EF om samordning av visse bestemmelser om utøvelse av fjernsynsvirksomhet, rådsdirektiv 90/314/EF om pakkereiser, herunder pakkeferier og pakketurer, rådsdirektiv 92/28/EF om reklame for legemidler til mennesker, rådsdirektiv 93/13/EF om urimelige vilkår i forbrukeravtaler, europaparlaments- og rådsdirektiv 94/47/EF om beskyttelse av kjøperen i forbindelse med visse aspekter ved avtaler om deltidsbruksrett til fast eiendom (timeshare-avtaler) og europaparlaments- og rådsdirektiv 97/77/EF om forbrukervern ved fjernsalgsavtaler.

Direktivet har som vilkår at nye direktiv kan leggjast til når dette vert aktuelt.

Kvar stat er pålagt å peike ut domstolar eller forvaltingsstyresmakter som skal ha kompetanse til å gripe inn overfor brot på regelverket. Desse skal ha kompetanse til å gje påbod om stogg eller leggje ned forbod. Tvangsbøter kan gjevast for å sikre at påboda vert etterlevde.

Vidare skal medlemsstatane peike ut organ som skal ha rett til å reise sak hos den kompetente styresmakta eller domstolen. Desse organa skal vere innbyrdes godkjende, noko som inneber at styresmaktene eller domstolen i kvar stat skal godta retts- og handleevna til det organet som er peika ut i dei andre statane. Dette er naudsynt for at organa skal kunne reise sak hos ein domstol eller ei styresmakt i ein annan medlemsstat. Det skal vere mogleg å innleie forhandlingar på førehand, slik at den innklaga parten sjølv skal ha høve til å stogge den ulovlege handlinga utan at det vert innleidd sak.

Direktivet rører ikkje ved den internasjonale privatretten når det gjeld lovval, og harmoniserer ikkje nasjonale prosessreglar.