St.prp. nr. 7 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern

Til innhaldsliste

3 Avgjerda til EØS-komiteen

Som eit ledd i samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 24. september 1999 å endre vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern, slik at avtala òg omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF av 19. mai 1998 om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsdirektiv 98/27/EF om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser skal takast inn i vedlegg XIX til EØS-avtala, etter nr. 7 bokstav c.

Artikkel 2 slår fast at direktivet skal gjelde på islandsk og norsk på lik linje med andre språk i medlemsstatane i Fellesskapet.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda skal ta til å gjelde 25. september 1999 på det vilkåret at at EØS-komiteen har motteke alle meldingar frå partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda til EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Barne- og familiedepartementet fremje ein eigen odelstingsproposisjon om naudsynte endringar i norsk lov.