St.prp. nr. 7 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 121/1999 av 24. september 1999 om endring av vedlegg XIX til EØS-avtala om forbrukarvern

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett og vurdering i høve til EØS-avtala

Innlemminga av direktivet i EØS-avtala vil innebere at det må peikast ut organ/organisasjonar som skal ha kompetanse til å reise søksmål hos styresmakter/domstolar i ein annan medlemsstat, for brot som har verknad i heimstaten til det godkjente organet eller den godkjende organisasjonen. Aktuelle organ i Noreg i dette tilfellet vil m.a. vere Forbrukarombodet, Marknadsrådet, Statens lækjemiddelkontroll, Statens næringsmiddeltilsyn, Kredittilsynet og Konkurransetilsynet, som alle handhevar regelverk som er omfatta av direktivet. Andre ikkje-offentlege organ som saka kjem ved, kan òg vere aktuelle.

Det er ikkje naudsynt å lovfeste kva organ som skal gjevast rett til å reise sak hos styresmakter/domstolar i andre EØS-statar.

Barne- og familiedepartementet ser det som naturleg at direktivet vil verte gjennomført ved endringar i dei ulike lovene som direktivet får følgjer for. Det vil berre dreie seg om prosessuelle endringar. Direktivet vil m.a. få følgjer for marknadsføringslova, lækjemiddellova, kringkastingslova og kredittkjøpslova.

Følgjande lovendringar må gjerast:

  • Det må lovfestast kva organ i EØS som skal ha adgang til å reise sak hos norske styresmakter/domstolar.

  • Likeins må det lovfestast kva styresmakter/domstolar som skal kunne handsame saker som vert reiste av andre godkjente organ/organisasjonar i andre medlemsstatar.

  • Det må takast stilling til om det skal veljast eit system, slik m.a. marknadsføringslova legg opp til, der ei sak kan reisast administrativt før ein eventuelt går til domstolen, eller om det skal veljast eit system som berre nyttar domstolen. Det første alternativet vil vere det mest fleksible og minst ressurskrevjande.

  • Vidare må det avgjerast om det skal fastsetjast tvangsbøter for brot på forbodet. Marknadsføringslova gjev heimel for dette overfor næringsdrivande i Noreg.

  • Det må takast stilling til om det skal innførast ei samrådsplikt før det kan reisast sak, slik at den innklaga sjølv kan få høve til å stogge den ulovlege handlinga utan at det vert innleidd sak. Dette er regelen etter marknadsføringslova.

Sakshandsamingsreglar/prosessuelle reglar følgjer reglane i den staten der saka vert reist. Kva stats reglar som elles skal gjelde, er ikkje regulert i direktivet. Det følgjer derfor allmenne lovvalsreglar, og vert avgjort av den nasjonale domstolen/forvaltingsstyresmakta.

Systemet slik det går fram av direktivet, verkar noko ressurskrevjande ved at ei sak ikkje kan handsamast i staten der brotet har funne stad. Dette kan eventuelt løysast ved at statane inngår to- eller fleirsidige avtaler om at slike saker vert pådømde i den staten der brotet fann stad.

Innlemminga av dette direktivet i EØS-avtala er eit viktig steg i retning av eit meir effektivt forbrukarvern, ikkje berre innanfor området til dei førnemnde direktiva, men òg der Noreg har gått lenger i forbrukarvern enn det minimumet som følgjer av direktiva.