St.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 104/2004 av 9. juli 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet) mv.

Til innhaldsliste

4 Tilrådingar frå ei felles nordisk tilsynsgruppe

Ei uformell nordisk tilsynsgruppe som er samansett m.a. av representantar frå tilsynsstyresmaktene i Noreg, Sverige, Danmark og Finland, har i ein rapport som vart lagd fram hausten 2003, kome med ni tilrådingar til felles gjennomføring av konglomeratdirektivet i nordisk rett. Gruppa gjekk inn for harmoniserte føresegner i Norden for å unngå regelverkskonkurranse. Arbeidsgruppa har tilrådd at det i den nasjonale lovgjevinga i dei nordiske landa vert opna for at lovgjevinga i det landet der koordinatoren kjem frå, vert lagd til grunn for tilsynet på konglomeratnivå.

Det var semje i den nordiske gruppa om at det ikkje er naudsynt å harmonisere gjennomføringa av reglane om tilsyn med risikokonsentrasjonar, då dette fortsatt vil vere eit nasjonalt ansvar. Vedlegg II i direktivet opnar for krav om at fleire typar risiko kan rapporterast. For å ta høgde for dette har den nordiske gruppa tilrådd at òg andre typar risiko, som geografisk risiko, sektorrisiko og valutarisiko, skal rapporterast, men berre i den grad desse risikotypane vert rekna for å vere monalege.

Den nordiske gruppa har tilrådd at uregulerte holdingselskap («mixed financial holding companies») - som ikkje er tillatne i Noreg - minst skal underleggjast krav til kontroll av kor eigna leiinga og eigarane er, krav til internkontroll på gruppenivå og krav til system for risikokontroll og rapportering i den grad aktivitetane til grupperinga er kontrollerte av holdingselskapet. Dette er eit noko vidare krav enn det som er fastsett i direktivet.

Ein tilleggsrapport som vart lagd fram våren 2004, gjev ein nærmare omtale av den gjeldande nordiske lovgjevinga om interne transaksjonar i konsernet. Den nordiske gruppa er vorten samd om å tilrå at interne transaksjonar i konsernet skal gjennomførast til marknadspris. Der det ikkje finst nokon marknadspris, skal prisen fastsetjast ut frå eit prinsipp om kostnadsdekning.

Til forsida