St.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 104/2004 av 9. juli 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet) mv.

Til innhaldsliste

5 Tilhøvet til norsk rett

Vi har ingen legaldefinisjon av eit finansielt konglomerat i norsk rett. Det er vesentlege ulikskapar mellom den norske definisjonen av finanskonsern og definisjonen av finansielt konglomerat i direktivet. Eit konglomerat kan t.d. dannast på bakgrunn av lausare tilknytingsformer enn eit finanskonsern. Som finanskonsern reknar ein eit konsern der minst eitt selskap, som ikkje er morselskapet, er ein finansinstitusjon, jf. finansieringsverksemdslova (finl). § 2a-2. Eit morselskap utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern 1

. Det krevst avgjerande innverknad på eit anna selskap for at eit mor-/dottertilhøve skal haldast ved lag. Det er ikkje krav om at finanskonsernet skal drive tverrsektoriell verksemd innanfor forsikring og anten bank eller verdipapir.

Derimot har norsk rett allereie ei rekkje føresegner som skal sikre at kapitalkrava vert tilfredsstilte på konsolidert basis, og norske tilsynsstyresmakter handterer i dag tilsynet med fleire blanda finanskonsern. I finansieringsverksemdslova kapittel 2a om finanskonsern er det i § 2a-9 teke inn føresegner om integrert tilsyn med grupper av finansinstitusjonar m.v. Ein finansinstitusjon som eig 20 prosent eller meir i ein annan finansinstitusjon, verdipapirføretak, gard eller eigedomsselskap, investeringsselskap eller anna selskap med monalege finansielle aktiva, må tilfredsstille kapitaldekningskrava og andre soliditets- og tryggleikskrav på konsolidert basis. Det følgjer vidare av § 2a-9 at det er konsernrekneskapen basert på prinsippet om høvesvis konsolidering som skal leggjast til grunn. Konsolideringsplikta er nærmare presisert i forskrift av 25. mars 1991 om bruk av kapitaldekningsreglar på konsolidert basis. Kredittilsynet kan gje pålegg om konsolidering ned til ti prosents eigardel. Vi har likevel ikkje konsolideringsplikt ved andre former for tilknyting, som t.d. felles leiing (bortsett frå konserngrupper som er danna etter finl. § 2a-17), slik direktivet legg opp til.

Konsolideringsplikta etter dei norske føresegnene har større rekkjevidd enn direktivet ved at dei òg omfattar eigardelar i gards- og eigedomsselskap og andre selskap med monalege finansielle aktiva. Dei norske føresegnene slår òg inn utan omsyn til eventuell tverrsektoriell verksemd.

Interne transaksjonar i konsernet skal i medhald av § 2a-8 finne stad på forretningsmessige vilkår, men vi har inga rapporteringsplikt slik direktivet legg opp til. I tillegg vert det utført eigarkontroll ved kvalifiserte eigardelar. Kjøparen vil i medhald av finl. §§ 2-2 og 2-3 ved ti prosents eigardel verte underlagd ei vurdering av kor eigna han er, og det same gjeld dersom eigardelen aukar til 20, 25, 33 eller 50 prosent. Det følgjer av forskrift av 18. desember 2003 nr. 1639 om eigarkontroll kva opplysningar søknaden skal innehalde. Krava er meir omfattande enn det som følgjer av direktivet. I tillegg krevst det i medhald av finl. § 2a-3 og forsikringsverksemdslova §§ 3-5 og 3-6 eit eige løyve ved etablering av eit finanskonsern, typisk ved kjøp av 50 prosent eigardel. Ei konserngruppe som er samansett av sparebank og gjensidig forsikringsselskap kan på nærmare vilkår etablerast ved avtale, jf. § 2a-17.

Tilhøvet til tilsynsstyresmakta i andre land er til ein viss grad alt regulert i § 7 i kredittilsynslova. Kredittilsynslova er ikkje til hinder for eit breitt samarbeid med andre tilsynsstyresmakter. Teieplikta som styremedlemmer og tenestemenn elles er pålagde, gjeld ikkje overfor tilsynsstyresmakter i andre EØS-statar, jf. § 7 første leddet tredje punktumet i kredittilsynslova. Føresegna pålegg likevel ikkje Kredittilsynet noka opplysningsplikt.

Gjennom avtaler med andre tilsynsstyresmakter er samarbeidet i praksis meir formalisert enn det som går fram direkte av lova. Særleg er det eit breitt tilsynssamarbeid mellom dei nordiske tilsynsstyresmaktene.

Dersom den som søkjer om løyve til å drive investeringsverksemd er eit verdipapirføretak m.v. som har løyve frå ein annan EØS-stat, kan det berre gjevast løyve etter samråd med styresmaktene i den aktuelle EØS-staten. Dette følgjer av § 7-3 tredje leddet i verdipapirhandellova. Tilsvarande plikt til samråd finst ikkje verken i sparebanklova, forretningsbanklova, forsikringsverksemdslova eller finansieringsverksemdslova.

Departementet vurderer det slik at norsk lovgjeving alt langt på veg pålegg norske finansinstitusjonar dei pliktene som følgjer av direktivet, slik at det ikkje vert rekna som naudsynt med store endringsframlegg. Det krevst visse justeringar i kredittilsynslova og finansieringsverksemdslova for å leggje betre til rette for internasjonalt tilsynssamarbeid, og i regelverket for soliditet, store engasjement, internkontroll og konserninterne transaksjonar for å styrkje tilsynet med tverrsektorielle aktivitetar.

Vidare er det naudsynt med ein del mindre endringar i kredittilsynslova for å gjennomføre føresegnene om utpeiking av ein tilsynskoordinator for grenseoverskridande konglomerat, og nærmare føresegner om samarbeid mellom tilsynsstyresmakter, medrekna utveksling av opplysningar (§§ 1, 2, 3, 4, 7 og 9 i tilsynslova). Det er naudsynt med endringar i finansieringsverksemdslova for å gjennomføre enkelte sentrale definisjonar (§ 1-5), stille krav til kor eigna den personen er som faktisk leier eit morselskap i finanskonsern (§ 2a-4) og innføre ei plikt til å rapportere alle interne transaksjonar i ei gruppe, og presisere rapporteringsplikta som er knytt til slike transaksjonar (§ 2a-8). Vidare må den gjeldande konsolideringsplikta for kapitaldekningskrav m.v. utvidast til òg å gjelde alle finansielle konglomerat, og dessutan at tilhøvet mellom full og høvesvis konsolidering må presiserast (§ 2a-9).

I tillegg vert det naudsynt med nokre få justeringar av meir teknisk karakter i sparebanklova, forretningsbanklova, verdipapirhandellova, forskrift om klargjering av kontrollansvar og forskrift om utrekning av ansvarleg kapital. Endeleg trengst det enkelte nye føresegner i forskrift om bruk av soliditetsreglar på konsolidert basis, og dessutan ei heilt ny forskrift om identifisering av og tilsyn med finansielle konglomerat. I den nye forskrifta om identifisering av og tilsyn med finansielle konglomerat vil det verte teke inn ei føresegn som fastset tersklane for kva som vert rekna som tverrsektoriell verksemd, og ei unntaksføresegn for små konglomerat.

I det vidare gjennomføringsarbeidet vil det verte lagt vekt på tilrådingane frå den nordiske arbeidsgruppa for å tilpasse regelverket til dei andre nordiske landa. Eit anna omsyn er at det bør førast same tilsyn med alle typar grupperingar. Dette må likevel vegast opp mot dei løysingane som vert valde i dei andre nordiske landa. Det vil verte gjort nærmare greie for dei konkrete lovendringane som er naudsynte for å gjennomføre direktivet i ein eigen odelstingsproposisjon. Det vert òg lagt opp til ei nærmare regulering av enkeltspørsmål i forskrift i form av endringar og tilføyingar i enkelte eksisterande forskrifter, og til ei ny forskrift om identifisering av og tilsyn med finansielle konglomerat.

Fotnotar

1.

Lov av 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskap § 1-3 og nr. 45 allmennaksjeselskap § 1-3.

Til forsida