St.prp. nr. 70 (2003-2004)

Om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 14. november 1970 om tiltak for å forby og hindre ulovleg import og eksport av kulturgjenstandar og ulovleg overføring av eigedomsrett til kulturgjenstandar

Til innhaldsliste

3 Tilhøvet til norsk rett

Norsk lovgjeving og praksis er i dag langt på veg tilfredsstillande i høve til dei tiltaka som konvensjonen gjev pålegg om å etablere. Det krevst likevel visse endringar i kulturminnelova med tilhøyrande føresegner.

I artikkel 7 bokstav b (ii) i UNESCO-konvensjonen blir det gjeve pålegg om at konvensjonsstatane skal treffe føremålstenlege tiltak for tilbakelevering av gjenstandar som er stolne frå eit museum eller frå eit religiøst eller sekulært nasjonalmonument eller frå ein liknande institusjon som nemnd i artikkel 7 bokstav b (i). Slike gjenstandar skal etter påkrav finnast og returnerast til opphavslandet, på det vilkåret at opphavslandet betalar ein rimeleg erstatning til den som har kjøpt gjenstanden i god tru eller som er lovleg eigar. I medhald av konvensjonen skal oppmodinga om slik tilbakelevering skje gjennom diplomatiske kanalar.

Kulturminnelova §§ 23 a til 23 f gjeld tilbakelevering av kulturgjenstandar. Men dei aktuelle reglane gjeld berre innanfor verkeområdet til EØS-avtala eller for statar som har ratifisert Unidroit-konvensjonen av 1995. Reglane om tilbakelevering må òg kunne nyttast for statar som har ratifisert UNESCO-konvensjonen av 1970. I Ot.prp. nr. 76 blir det gjort eit framlegg til endring av dei gjeldande reglane i §§ 23 a-23 f, slik at det i lova kjem ei føresegn om tilbakelevering av kulturgjenstandar, mens dei spesifikke tilbakeleveringsreglane i høve til dei ulike konvensjonane og direktiva kan speglast att i ei utfyllande føresegn. Reglane om tilbakelevering er utførleg regulerte i førsegn av 4. oktober 2001 om tilbakelevering av stolne og ulovleg utførte kulturgjenstandar. Framgangsmåten for tilbakelevering i medhald av UNESCO-konvensjonen må innarbeidast i denne forskrifta.

I medhald av artikkel 3 og artikkel 7 bokstav b (i) i konvensjonen skal medlemsstatane forby import av kulturgjenstandar som er stolne frå eit museum eller frå eit religiøst eller sekulært nasjonalmonument eller ein liknande institusjon i ein annan medlemsstat. Det finst ikkje noko slikt importforbod i dag. For å gjennomføre dette i norsk rett blir det i Ot.prp. nr. 76 gjort framlegg om ei endring av kulturminnelova slik at innførsel av kulturgjenstandar som er ulovleg utførte frå ein annan medlemsstat, generelt blir forbode. I dag finst det høve til å fastsetje importrestriksjonar med heimel i lov av 6. juni 1997 om innførsels- og utførselsregulering, der Kongen blir gjeven høve til å fastsetje innførselsforbod for visse sortar av gjenstandar og varer. Omsynet til tilgjenge og oversyn for rettssubjektet grunngjev framlegget om å samle reglane om import, utførsel og tilbakelevering av kulturgjenstandar i kulturminnelova.

Då førermålet med konvensjonen er motkjemping av ulovleg omsetning av kulturgjenstandar, bør forbodet mot import ikkje avgrensast til stolne gjenstandar frå offentlege institusjonar. Det vil seie at det må vere forbode å innføre gjenstandar som er ulovleg førte ut av eit av konvensjonens medlemsland, utan omsyn til om dei er stolne i dette landet, førte ut i strid med føresegner om utførsel, ulovleg utgravne eller om eigedomsretten er ulovleg overført. Det er gjort framlegg om at importforbodet òg skal omfatte verkeområdet til EØS-avtala og land som har ratifisert Unidroit-konvensjonen av 1995.

I medhald av kulturminnelova § 23 f får departementet høve til å fastsetje føresegner om kva som blir rekna som kulturgjenstandar, og nærmare reglar om tilbakelevering av gjenstandar i samsvar med vedlegg II kapittel XXVII nr. 1 i EØS-avtala og med Unidroit-konvensjonen av 1995. I Ot.prp. nr. 76 blir det gjort framlegg til ei endring av føresegna. Endringa inneber at departementet òg får høve til å fastsetje utfyllande føresegner om importforbodet og om framgangsmåten for tilbakelevering etter UNESCO-konvensjonen av 1970.

Det blei i høyringsrunden tilrådd at konvensjonen også blir gjort gjeldande for Svalbard og Jan Mayen og for dei norske bilanda. Dette krev endringar og justeringer i lov av 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard (Svalbardmiljølova) og i føresegn av 21. juni 1974 nr. 8792 om freding av kulturminne på Jan Mayen. For dei norske bilanda krevs det endringar i føresegn om vern av miljøet i Antarktis og i relevant føresegn for Bouvetøya. Endringane i føresegnene blir gjort av Miljøverndepartementet.